Billettar
Scenebetennelse
Bli med på ei uhøgtideleg reise i musikkteaterhistoria!
Opera Nordfjord og Operahuset Nordfjord har saman gleda av å invitere til Scenebetennelse, med Thomas Ruud, Nils H. Sødal, Silvia Moi, Benedikte Sofie Ribe, Reem Riyadh og Nils Arne Halle Erstad.
Dei tek publikum med på ei uhøgtideleg reise frå opera og operette til musikal og moderne musikkteater. Her kjem sviskene på rad og rekke, framført av nokore av dei fremste songarane i landet. Framsyninga gjev også eit humoristisk skråblikk på dramatikken som ofte utspelar seg bak scena på store teater og operahus.
Framsyninga Scenebetennelse såg dagens lys for to år sidan, då den spelte for fulle hus i Kilden teater og konserthus i Kristiansand. Sidan har den begeistra publikum og anmeldarar rundt om i Norge, mellom anna i Oslo konserthus, Operaen i Kristiansund og Opera Østfold.
Scenebetennelse er skrive av Nils H. Sødal og produsert i samarbeid med Benedikte Sofie Ribe.
Utøvarane:
Silvia Moi er ein av dei fremste operastjernene i landet, kjent frå mange framsyningar og prestisjetunge oppdrag som Nobel-banketten i Stockholm og fredsprisutdelinga i Oslo.
Thomas Ruud er kjent for Nordfjord-publikummet både frå operaframsyningar og andre konsertar. Han har vore tilsett ved nokre av dei største operahusa i Tyskland og sunge med internasjonale stjerner som sopranen Kiri Te Kanawa. Han er ein av dei mest ettertrakta songarane i Skandinavia og også kjent for samarbeidet med Hanne Krogh.
Benedikte Sofie Ribe er ein prisvinnande sopran med bakgrunn frå det prestisjetunge Franz Liszt-akademiet. Ho har dei seinare åra utmerka seg som ein svært allsidig scenekunstnar i ulike samenhengar og sjangrar.
Nils H. Sødal har gjesta fleire av dei største operahusa i Europa og har vore fast tilsett solist ved Den Norske Opera i ei årrekke. Det internasjonale gjennombrotet skjedde til strålande kritikkar ved den verdenskjente operaen SemperOper i Dresden i 2011.
Reem Riyadh og Nils Arne Halle Erstad har trass sin unge alder utmerka seg i fleire profesjonelle samanhengar gjennom oppsetningar på store scener og som mottakarar av ulike prisar.
Sagt om framsyninga:
«En fantastisk morsom forestilling! Jeg sa at denne forestillingen hadde alt, ikke sant? De vakre ariene som tar pusten fra deg, stemmeprakt som tar pusten fra deg, latterbrøl som tar pusten fra deg. Scenebetennelse er rett og slett en fornøyelse.» KanDusi.no, nettmagasin i Halden for kultur og samfunnsinteresserte
«Med opera, humor og stemmeprakt lot publikum i kulturhuset seg sjarmere og imponere av en profesjonell og fengslende forestilling. En forestilling med det ypperste Sørlandet kan by på av klassisk sang.» Tor Magne Gausdal, Avisen Agder
«Og har du ennå ikke sikret deg billett, bør du kanskje haste på litt. For denne fremførelsen vil score veldig høyt på eventuelle terningkast og gå rett hjem hos anmeldere rundt om.» Arild Hansen, N247
«Fornøyelig blanding av profesjonelle og gryende talenter som i strålende samspill tar oss med inn i operaens verden. Det utføres med glimt i øyet og full innlevelse. Ikke minst må nevnes deres storslåtte sangstemmer.» Anne Lise Riseng, Budstikka for Søgne og Sogndalen
«Med musikalsk energi og humor ble forestillingen en god opplevelse og start på sesongen for de som var så heldige å få med seg denne perlen av en forestilling, en opplevelse av de helt sjeldne som folk vil leve lenge på.» Gausdal Altimedia
Opplev også Musikktyven – gratis syngespel for barn på familielaurdagen dagen etter kl. 13.00! Info og gratisbillettar her.