Billettar
Musikktyven – gratis syngespel på familielaurdag
Hjarteleg velkomen til ei fengande framsyning for barn i barneskulealder!
Ein ulukkeleg konge har forbode song og musikk i landet sitt. Innbyggjarane har vore så lenge utan at dei har gløymt kva musikk er! Noko manglar i livet deira, dei veit berre ikkje kva. Men ein dag finn systrene Frida og Alma og naboguten Knut nokre store, rare flasker på eit loft. På flaskene er det lagra masse musikk: Rytmisk musikk, musikal, pop og klassisk, ja til og med opera!
Når Frida og Alma og Knut tar ein slurk av flaskene, kjem det plutseleg song ut av munnen deira og musikk ut av fingrane. Dei oppdagar musikkens si magiske verd, men så dukkar kongen opp, og då blir det bråk!
Medverkande: Silvia Moi, Benedikte Sofie Ribe og Nils H. Sødal. Alle har lang erfaring frå teater- og operascena, mellom anna Det Norske Teatret og Den Norske Opera. Dei har òg pedagogisk erfaring og har jobbet mot barn og unge i ulike samanhengar. Silvia, Sofie og Nils både syng og spelar instrumenta i framsyninga: piano, trekkspel og gitar.
Musikken i Musikktyven er sjangeroverskridande og fengande. Vi får oppleve korte musikalske sekvensar henta frå mellom anna pop, jazz, musikal og opera.
Syngespelet tematiserer einsemd, utanforskap, vennskap og musikken si sameinande kraft på tvers av kulturelle skiljelinjer.
Musikktyven er ein del av familielaurdag, og vert arrangert av Opera Nordfjord, Stad bibliotek, Stad kino og Operahuset Nordfjord i fellesskap.
Her er også ope bibliotek, kinokiosk og aktivitetar elles.
Syngespelet passar for alle barn i barneskulealder.
Framsyninga er gratis, men med billettbestilling og seteplassering.
Opplev også framsyninga Scenebetennelse fredag kl. 19.00! Info og billettar her.