Heim

Dugnadsoppgåver i Opera Nordfjord

Kostymesaum

Opera Nordfjord har systove i den gamle yrkesskulen i Øyane. Der har vi det som trengs av utstyr til kostymesaum. Gruppa arbeider gjennom store delar av året, typisk med oppstart av nytt prosjekt på etterjulsvinteren. Sygruppa har fast møtetid eit par gongar i veka, men det er ikkje krav til at ein kan møte kvar gong. Alle bidreg med det dei kan, og så mykje som dei har anledning til. Dersom dei faste oppmøtetidene ikkje passar, kan ein også låse seg inn andre tider og arbeide for seg sjølv eller saman med eit par andre, etter avtale. Sygruppa har i samarbeid med årets kostymedesignar ansvaret for å produsere alt av kostymer til ein produksjon. Arbeidet er variert, og ein kan få prøve seg på mykje ulikt. Det er ein fordel at ein har grunnleggande kunnskap og har brukt ei symaskin før, men ein kan få hjelp og rettleiing i korleis ein skal gjere ting, så det er ikkje krav om å vere nokon «sy-ekspert» for å bli med i gruppa. 

Kulisseproduksjon

Opera Nordfjord har kulisseverkstad i den gamle yrkesskulen i Øyane. Vi har ein stor verkstad med mykje utstyr til trearbeid. Kulissegruppa driv mest med trearbeid og lagar kulisser og store rekvisittar av tre. Oppstart er ofte i mars-april, når årets scenograf har laga ferdig arbeidsteikningar. Kulissegruppa bygger kulisser i Øyane, og er også med under rigging av scena i Operahuset før ein produksjon. Når ein produksjon er over hjelper kulissegruppa til med nedrigg og måling av scena slik at den er like fin som då vi tok den over. 

Backstage-arbeid

Backstage-arbeid passar for deg som vil vere med når det skjer. Som backstage-arbeidar er du ein viktig del av sjølve framsyninga. Du er med på øvingar og er til stades under framsyning med viktige arbeidsoppgaver og ofte under tidspress. Det er to grupper for backstage-arbeid; sceneskift og påkledar. 

Sceneskift

Når teppet går igjen eller scenelysa slåast av, arbeider sceneskift-gruppa raskt og effektivt for å skape om scena. Arbeidet består av å flytte sceneelement og rekvisittar, sørge for at alt står på rett plass og er trygt, alt på så kort tid at publikum nesten ikkje merkar at det skjer. Scenearbeidarane er med under øvingar og lærer seg kva som skal skje i kvart skift, og er heilt essensielle for å gjennomføre ei framsyning. 

Påkledar

Dette er også ein jobb for dei som likar å arbeide kjapt og presist. Påkledarane har ansvar for alle kostymene som er i bruk under ei oppsetting: at dei er klare til bruk når dei trengs, at dei heng på rett stad og er i god stand. Under framsyning står påkledarane klare til å hjelpe til med hurtigskift - når ein solist må byte antrekk i ein forrykande fart. Påkledarar øver på sine arbeidsoppgåver og veit akkurat når i stykket eit antrekk skal av eller på. Då står ein ofte klar med antrekket i det solisten kjem av scena, og utfører skiftet så raskt og presist som mogleg. Når framsyninga er ferdig går ein over alle kostyme og sørger for at dei hamnar på rett plass til neste framsyning. 

Servering og vertskap

Servering og vertskap er dei som møter publikum ved døra og ynskjer velkommen. Ein er den første publikum møter og den dei ofte kjem til med praktiske spørsmål. Servering og vertskap lagar til og pyntar i foajeen, og driv kiosken med sal av forfriskningar. Ein er også til stades i salen som vakter ved dørene. Servering og vertskap syter også for kaffi og enkle forfriskingar til orkester og mannskap på og bak scena. 

Maske og hår

Maskegruppa er dei som sminkar sceneaktørane, ordnar hår og festar parykkar. Ein får opplæring av maskør og utfører det designet maskøren har laga til kvar enkelt aktør. Ein kjem tett på solistane rett før framsyning, og det er viktig at ein er behageleg og roleg slik at nervøse solistar får slappe av og førebu seg til sine oppgåver.