fbpx
Heim
Musikkteaterskule i vinterferien

Billettar

Fjordane Folkehøgskule

Musikkteaterskule i vinterferien

Opera Nordfjord gler seg til å ønske barn og ungdom velkomne til fire dagar med gratis musikkteaterskule i vinterferien!

Vi ønsker barn og ungdom velkomne til gratis musikkteaterskule på Nordfjordeid 17.-20. februar 2025.

Vi skal vere på Fjordane Folkehøgskule alle fire dagane.

Musikkteaterskulen varer frå 10:00-15:00 kvar dag, måndag til torsdag.

På musikkteaterskulen har vi to grupper. Det er viktig at du velger rett gruppe når du melder deg på!

Gruppe 1 er open for deltakarar fødde mellom 2010-2014. Denne gruppa skal drive med song, dans og teater, øve inn musikkteaternummer og ha det veldig kjekt med masse aktivitet, læring og leik. Det er ikkje ein føresetnad at dei som melder seg på har heldt på med musikkteater før, men det er viktig at du er interessert i song, dans og teater, synest det er kjekt og har lyst til å bruke ei veke til å lære meir om dette.

Gruppe 2 er open for deltakarar fødde mellom 2006-2011. Gruppe 2 er for dei som allereie kan litt om musikkteater og ynskjer å verkeleg fordjupe seg i dette. Ein treng ikkje å vere kjempeflink, det held å vere interessert!

Fordi gruppe 2 er meir krevjande enn gruppe 1, har vi åpna for at dei som er fødde i åra 2010-2011 kan velje kva gruppe dei ynskjer å delta på. Her er det altså viktig å tenke over kva fokus ein ynskjer, og velge den gruppa som passar best.

I tillegg til aktivitetane i grupper, har vi valfag i ulike emne innanfor dans, song og teater, der deltakarane frå begge gruppene kan velje fritt kva dei vil vere med på. Valfaga endrar seg for kvar dag, og populære valfag frå tidlegare har for eksempel vore minimusikal, folkedans, musikal-zumba teaterleik og kor.

Instruktørane på musikkteaterskule i Vinterferien 2025 er: Helga Botn, Ingrid Tykhelle Kayser, Eline Jacobsen Lillestøl, Asbjørn Hagen, Sunniva Honningsvåg, Runa Bergem og Tuva Nyhammer-Taklo.

På musikkteaterskulen et vi felles lunsj alle dagar, og deltakarane må sjølve ha med niste. Vi anbefaler å stille i behagelege klede som det er lett å bevege seg i, og å vere sikre på at ein har med nok mat og drikke til heile dagen.

Når du fyller ut påmeldingsskjemaet er det viktig at du tek deg tid til å sjå gjennom at du svarer på alle felt. Vi treng kontaktinformasjon til føresette, både telefon og e-post. Pass også på at e-postadressa blir rett, viss ikkje får du ikkje det automatisk utsende informasjonsskrivet i etterkant av påmelding. Om e-postadressa er rett og du likevel ikkje får skrivet, sjekk søppelpost og viss denne også er tom, kan du ta kontakt på ine@operanordfjord.no.

Det er også viktig at du gjer oss merksame på eventuelle allergiar eller medisinske tilstander vi burde vite om. Dette for at vi skal kunne passe på at vi har eit trygt miljø for alle som er med, og at vi skal vite korleis vi skal handle dersom noko skulle hende. Alle slike opplysningar vert sjølvsagt handsama konfidensielt.

Nytt av året er at påmeldinga ikkje kjem til å bli akseptert dersom du ikkje skriv inn ein gyldig fødselsdato som er innanfor den aldersramma musikkteaterskulen er open for. Dersom du oppdaterer sida undervegs, eller sender inn før du er ferdig, må du sjekke at fødselsdatoen ikkje har blitt tilbakestilt før du prøver å sende inn på nytt. 

Musikkteaterskulen er heilt gratis, og open for alle. Påmelding går etter først til mølla-prinsippet. Dersom du har meldt deg på og får plass, men ser at du likevel ikkje kan vere med på musikkteaterskulen, ber vi om at du så fort som mogleg gjer beskjed om dette, slik at plassen kan brukast av nokon andre. Dette kan du melde frå om til ine@operanordfjord.no.

NB: Hugs også å sjekke at fødselsdatoen blir rett i påmeldingsskjemaet!

PÅMELDING

Medverkande

Helga Botn

Helga BotnInstruktør

Ingrid Tykhelle Kayser

Ingrid Tykhelle KayserInstruktør

Runa Solbakken Bergem

Runa Solbakken BergemInstruktør

Asbjørn Hagen

Asbjørn HagenInstruktør

Eline Jacobsen Lillestøl

Eline Jacobsen LillestølInstruktør

Sunniva Honningsvåg

Sunniva HonningsvågInstruktør

Tuva Nyhammer-Taklo

Tuva Nyhammer-Taklo Instruktør