fbpx
Heim

Påmelding til Musikkteaterskule i vinterferien

Ventelistene til Musikkteaterskulen i vinterferien 2026 er heilt fulle. Vi kan dermed ikkje ta inn fleire påmelde til Gruppe 0 (f. 2016) og Gruppe 1 (f. 2011-2015) i denne omgangen. Gruppe 2 (f. 2006-2012) har framleis nokre få plassar att. 

Vi håpar at de som hadde lyst til å vere med, men ikkje kom gjennom denne gongen vil komme på musikkteaterskulen vår i sommarferien, 20.-25. juli 2026, som vi åpnar påmeldinga til i løpet av våren.

Alle som er interesserte kan melde seg på, det er ingen krav til erfaring eller forkunnskapar. Vi ønsker imidlertid at barnet er interessert og motivert til å vere med, og er klare for ei veke der vi forventar at alle gjer sitt beste.

For dansegruppene ønskjer vi at elevane stiller kvar dag i komfortabelt tøy som det er lett å bevege seg i. Gode og solide sko er viktig.
Dersom det vert fint vêr, vil nokon av aktivitetane gå føre seg utandørs, og alle elevar må ha med seg klede som dei kan vere ute i utan å fryse.

Meir informasjon om sommarskulen kjem når eleven er påmeld og har fått plass. Ved spørsmål kan de ta kontakt med produsent Ine Nord på ine@operanordfjord.no eller tlf. 90294947.