Musikkteaterskule i sommarferien
Opera Nordfjord gler seg til å ønske barn og ungdom velkomne til ei heil veke med musikkteaterskule i sommarferien!
Vi ønsker barn og ungdom velkomne til gratis musikkteaterskule på Nordfjordeid 21. - 26. juli 2025.
Vi skal vere på Fjordane Folkehøgskule heile veka, og på laurdagen har vi avslutningsframsyning i Eidahallen ved Nordfjordeid Skule.
Musikkteaterskulen varer frå 10:00-15:00 kvar dag, måndag til laurdag.
På musikkteaterskulen har vi no 3 grupper. Det er viktig at du velger rett gruppe når du melder deg på!
Gruppe 0 er ei gruppe for deltakarar fødde i 2016 og som skal begynne i 4. klasse til hausten. Etter mange år med barn som veldig gjerne vil delta, men er akkurat litt for unge, har vi no bestemt oss for å utvide med ei gruppe til og la desse få sjansen! Denne gruppa vil ha eit begrensa antal plassar, så her er det absolutt om å gjere å vere tidleg ute. Gruppe 0 er for deg som er interessert i song, dans og teater, og som har lyst til å bruke ei heil veke for å jobbe med dette.
Gruppe 1 er open for deltakarar fødde mellom 2011-2015. Denne gruppa skal drive med song, dans og teater, øve inn musikkteaternummer og ha det veldig kjekt med masse aktivitet, læring og leik. Det er ikkje ein føresetnad at dei som melder seg på har heldt på med musikkteater før, men det er viktig at du er interessert i song, dans og teater, synest det er kjekt og har lyst til å bruke ei veke til å lære meir om dette.
Gruppe 2 er open for deltakarar fødde mellom 2006-2012.
Gruppe 2 er for dei som allereie kan litt om musikkteater og ynskjer å verkeleg fordjupe seg i dette. Ein treng ikkje å vere kjempeflink, det held å vere interessert!
Fordi gruppe 2 er meir krevjande enn gruppe 1, har vi åpna for at dei som er fødde i åra 2011-2012 kan velje kva gruppe dei ynskjer å delta på. Her er det altså viktig å tenke over kva fokus ein ynskjer, og velge den gruppa som passar best.
I tillegg til aktivitetane i grupper, har vi valfag i ulike emne innanfor dans, song og teater, der deltakarane frå begge gruppene kan velje fritt kva dei vil vere med på. Valfaga endrar seg for kvar dag, og populære valfag frå tidlegare har for eksempel vore minimusikal, folkedans, musikal-zumba teaterleik og kor.
Instruktørane på musikkteaterskule i Sommarferien 2025 er: Eline Jacobsen Lillestøl, Asbjørn Hagen, Sunniva Honningsvåg, Runa Bergem, Tuva Nyhammer-Taklo, Martha Standal Pavelich, Louise Tveito og Eirik Risholm Velle.
På musikkteaterskulen et vi felles lunsj alle dagar, og deltakarane må sjølve ha med niste. Vi anbefaler å stille i behagelege klede som det er lett å bevege seg i, og å vere sikre på at ein har med nok mat og drikke til heile dagen.
Når du fyller ut påmeldingsskjemaet er det viktig at du tek deg tid til å sjå gjennom at du svarer på alle felt. Vi treng kontaktinformasjon til føresette, både telefon og e-post. Pass også på at e-postadressa blir rett, viss ikkje får du ikkje det automatisk utsende informasjonsskrivet i etterkant av påmelding. Om e-postadressa er rett og du likevel ikkje får skrivet, sjekk søppelpost og viss denne også er tom, kan du ta kontakt på ine@operanordfjord.no.
Det er også viktig at du gjer oss merksame på eventuelle allergiar eller medisinske tilstander vi burde vite om. Dette for at vi skal kunne passe på at vi har eit trygt miljø for alle som er med, og at vi skal vite korleis vi skal handle dersom noko skulle hende. Alle slike opplysningar vert sjølvsagt handsama konfidensielt.
Det er slik påmeldinga ikkje kjem til å bli akseptert dersom du ikkje skriv inn ein gyldig fødselsdato som er innanfor den aldersramma musikkteaterskulen er open for. Dersom du oppdaterer sida undervegs, eller sender inn før du er ferdig, må du sjekke at fødselsdatoen ikkje har blitt tilbakestilt før du prøver å sende inn på nytt.
Musikkteaterskulen er heilt gratis, og open for alle. Påmelding går etter først til mølla-prinsippet. Dersom du har meldt deg på og får plass, men ser at du likevel ikkje kan vere med på musikkteaterskulen, ber vi om at du så fort som mogleg gjer beskjed om dette, slik at plassen kan brukast av nokon andre Dette kan du melde frå om til ine@operanordfjord.no.
PÅMELDING
Medverkande

Eirik Risholm VelleInstruktør

Asbjørn HagenInstruktør

Runa Solbakken BergemInstruktør

Louise TveitoInstruktør

Eline Jacobsen LillestølInstruktør

Martha Standal PavelichInstruktør

Sunniva HonningsvågInstruktør

Tuva Nyhammer-Taklo Instruktør

Ine NordProdusent