Opera Nordfjord innbyr til TV-Aksjonskonsert
Fredag 9. oktober arrangerer Opera Nordfjord sin årvisse konsert i Eid Kyrkje til inntekt for TV-Aksjonen, som i år går til NRC Flyktninghjelpen.
TV-aksjonen 2026 skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre buforhold i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo. Nærare 120 millionar menneske er no på flukt frå krig, konflikt og forfølging, ei tredobling på 15 år. 40 prosent av dei er born og ekstra utsett for farere og skader.
På konserten møter vi solistar og musikarar frå Carmen-produksjonen, som pågår i Operahuset Nordfjord i desse dagar. Vi får mellom anna møte tenor Simen Bredesen, baryton Magnus Dorholt Kjeldal og bass-baryton Trond Gudevold saman med pianist Brandt Fredriksen. Frå orkestermusikarane får vi stor variasjon i eit rikhaldig program, frå pianokvintett og Divertimento for strykarar av Mozart til fleire brassensemble, fiolinsolo, duettar og Flamencodans av Gabriel Aragú González.
Eid Sokneråd er medarrangør og har generøst stilt kyrkjerommet til fri disposisjon. Alle som opptrer stiller opp gratis, så all kollekt som kjem inn, kan gå uavkorta til TV-Aksjonen.
Vi håpar at Eid Kyrkje blir fylt opp av eit forventingsfullt publikum - operaen lovar å levere eit flott konsertprogram av våre flotte kunstnarar - velkomen til ei god konsertstund i godt fellesskap til hjelp for menneske på flukt!