fbpx
Heim
Matilda

Billettar

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Matilda

Velkomen til hjartevarm familiemusikal!

Sidan april har små og store songarar og skodespelarar, kunstnariske leiarar, profesjonelle hovudroller og dyktige amatørar hatt jamlege øvingar for å terpe notar, dansetrinn og replikkar for å bli premiereklare i slutten av november med musikalen MATILDA, basert på barneboka av Roald Dahl av same namn. No vert øvingane intensivert med samlingar kvar helg. Vår regissør Mattias Palm frå Gøteborg har nettopp hatt premiere på denne musikalen på Säffleoperan i Sverige, der musikalen går for fulle hus utover hausten. 
 
No er heile ensemblet i sving med øvingar i Valhall og etter kvart i Operahuset Nordfjord. Små og store i alle aldrar kan berre begynne å gle seg til heile seks framsyningar i operahuset 28.- 30. november og 5.-7. desember 2025. 
 
Miss Thrunchbull lovar å gjere livert skikkeleg surt for skuleborna, men Matilda lovar å kjempe endå sterkare, med list og lempe, for det som er sant og rett, med alle sine gode hjelparar!
 
I tillegg til regissør Mattias Palm består det kunstnariske teamet av musikalsk leiar Tove Kragset, koreograf og regiassistent Simen Gloppen, scenograf Anndi Bergset, kostymedesignar Heidi Kverndokk, lysdesignar Ovar Holmen og maskør Hege Ramstad.
 
Ensemblet tel 26 born, 10 ungdommar og 15 vaksne, i alt 51 sceneaktørar. Mari Sægrov Djupvik og Lilly Svidal-Sande, begge frå Gloppen, deler på rolla som Matilda. Lavender-rolla vert òg delt mellom to songarar: Frida Søvik Mårstøl frå Ørsta og Ea Anouk Nyhammer frå Gloppen. Jakob Brandsæter frå Volda har rolla som Bruce, Lino Lunde Solberg frå Stryn gjer rolla som Nigel, Liam Alexander Bugjerde frå Bryggja spelar rolla som Eric, Synna Navelsaker Sandvik frå Haugen på Eid gjer rolla som Amanda, Milla Tomine Kleppe Rise frå Nordfjordeid spelar Alice, Adine Hersi Hjellbakk frå Gloppen tolkar rolla som Hortensia, og Martin Midthjell Hanøy er Tommy.
 
I dei sju profesjonelle rollene møter vi Espen Langvik som Miss Trunchbull, Sunniva Honningsvåg som Mrs. Wormwood, Eirik Risholm Velle som Mr. Wormwood, Martha Standal Pavelich som Miss Honey, Nora Aurdal som Mrs.Phelps, Håkon Bøen som Utbrytarkongen og Thea Mavropoulou som Akrobaten.
 
Orkesteret er samansett av 11 profesjonelle musikarar, stort sett frå vårt eige distrikt.
 
Forestillingane går denne gongen over to helger i Operahuset Nordfjord: 28.-30. november og 5.-7. desember. Matilda passar for alle aldrar, og det går veldig godt an å komme i operahuset for å oppleve denne fantastiske forestillinga utan å ha med seg barn. Ein vil likevel sterkt oppmode foreldre, tanter, onklar og besteforeldre om å ta med barn, barnebarn og andre sine barn for å oppleve stor og magisk scenekunst med lokale krefter! Ein kan love stille, vare og innadvente soloar, elleville shownummer, MYKJE flott dans og kjapp replikkveksling!
 
MATILDA er først og fremst ei hjartevarm historie om modige born, som saman søkjer rettferd og sanning, og om nokre feige vaksne som har nok med seg sjølve. Men, heldigvis, finst det òg nokre gode vaksne, som både tek ansvar og hjelper dei som er åleine og treng å bli sett.
 
Musikalen er omsett til nynorsk av Ine Nord og Kari Standal Pavelich og blir sungen på dialekt.

Manus: DENNIS KELLY

Musikk og Sangtekst: TIM MINCHIN

Presented by arrangement with Music Theatre International

Matilda was first commissioned and produced by the Royal Shakespeare Company and premiered at The Courtyard Theatre, Stratford-upon-Avon, England on 9 November 2010, it transferred to the Cambridge Theatre in the West End of London on 25 October 2011 and received its US premiere at the Shubert Theatre, Broadway, USA on 4 March 2013

 

Medverkande

Mattias Palm

Mattias PalmRegissør

Tove Kragset

Tove KragsetMusikalsk leiar

Simen Gloppen

Simen GloppenKoreograf

Anndi Bergset

Anndi BergsetScenograf

Heidi Kverndokk

Heidi KverndokkKostymedesignar

Ovar Holmen

Ovar HolmenLysdesignar

Hege Ramstad

Hege RamstadMaskør

Lilly Svidal-Sande

Lilly Svidal-Sandei rolla somMATILDA

Mari Sægrov Djupvik

Mari Sægrov Djupviki rolla somMATILDA

Jakob Brandsæter

Jakob Brandsæteri rolla somBRUCE

Frida Søvik Mårstøl

Frida Søvik Mårstøli rolla somLAVENDER

Ea Anouk Nyhammer

Ea Anouk Nyhammeri rolla somLAVENDER

Lino Lunde Solberg

Lino Lunde Solbergi rolla somNIGEL

Liam Alexander Bugjerde

Liam Alexander Bugjerdei rolla somERIC

Synna Navelsaker Sandvik

Synna Navelsaker Sandviki rolla somAMANDA

Milla Tomine Kleppe Rise

Milla Tomine Kleppe Risei rolla somALICE

Adine Hersi Hjellbakk

Adine Hersi Hjellbakki rolla somHORTENSIA

Martin Midthjell Hanøy

Martin Midthjell Hanøyi rolla somTOMMY

Espen Langvik

Espen Langviki rolla somMISS AGATHA TRUNCHBULL

Sunniva Honningsvåg

Sunniva Honningsvågi rolla somMRS. WORMWOOD

Eirik Risholm Velle

Eirik Risholm Vellei rolla somMR. WORMWOOD

Martha Standal Pavelich

Martha Standal Pavelichi rolla somMISS HONEY

Håkon Bøen

Håkon Bøeni rolla somLEGEN/UTBRYTARKONGEN

Nora Aurdal

Nora Aurdali rolla somMRS. PHELPS

Thea Bjørhovde Mavropoulou

Thea Bjørhovde Mavropouloui rolla somAKROBATEN