Billettar
Mannen frå La Mancha
Broadway-stemning i haust
Det er duka for Broadway-stemning i Operahuset Nordfjord, når sceneteppet går for Mannen frå La Mancha på premieren 30. september. Med spelerestriksjonar for alle kulturinstitusjonar i desse uvanlege tider, er Opera Nordfjord endeleg klare til å gi publikum etterlengta scenekunstopplevingar til hausten.
Mannen frå La Mancha (The Man of La Mancha) er ein musikal frå 1965 av Dale Wasserman, med tekst av Joe Darion, musikk av Mitch Leigh og nynorsk omsetting ved Hartvig Kiran. Den er basert på Wasserman sitt TV-teater I, Don Quixote, som igjen var inspirert av Miguel de Cervantes og hans roman Don Quixote, som kom ut mellom 1605 og 1615. Den fortel historia om den galne riddaren Don Quixote, som eit spel i spelet, framført av Cervantes og hans medfangar, medan dei ventar på ei høyring under Den spanske inkvisisjonen.
Regissør for årets storsatsing er Aksel-Otto Bull frå Oslo, som gjestar Opera Nordfjord for første gong. Det øvrige kunstnariske teamet er samansett av dirigent Michael Pavelich, scenograf og kostymedesignar Åse Hegrenes, lysmeister Arne Kambestad, koreograf Candice Bredesen og maskør Ingunn Schumann Mosand.
Solistlaget er ei spennande blanding av etablerte operasolistar, nyutdanna musikalartistar frå Nordfjordeid og dyktige, lokale amatørar. Espen Langvik, tidlegare solist ved Den Norske Opera & Ballett, spelar sjølvaste Don Quixote. Tenaren hans vert tolka av Jan Erik Fillan. Eli Kristin Hanssveen er til dagleg ein del av solistensemblet ved Den Norske Opera & Ballett, for mange også kjend frå Stjernekamp for nokre år tilbake. Rolla som Aldonza er som skapt for henne. Øvrige solistar vert bassen Trond Gudevold, ørstingen Eirik Risholm Velle, tenoren Erlend Tvinnereim, med slektsrøter frå Stryn, Eivind Kandal og Elisabeth Gimmestad frå Gloppen og Simon Standal Pavelich og Asbjørn Hagen, begge nyutdanna musikalartistar frå Nordfjordeid. I tillegg får vi gjensyn med fleire lokale talent; Rønnaug Torheim er tilbake på scena saman med Paul Jacob Helgesen, Bård Stian Dalseth, Håvard Kvammen Furnes og Rune Balsnes. Musikalen er definitivt ein ensemble-produksjon, der alle dei medverkande er tilstades og nærverande gjennom heile handlinga i eit intenst drama. Handlinga er vekselvis rå, brutal, morosam og djupt rørande, med vakker, spanskinspirert musikk.
Den originale 1965 Broadway-produksjonen vart framført 2328 gongar og vann fem Tony Awards, inklusive Best Musical. Musikalen er ein av dei kjæraste og mest populære innan musikkteater-sjangeren, der særleg den vakre songen The Impossible Dream er kjend for mange.
Billettsalet er allereie i gong, og musikalen har premiere onsdag 30. september, med dei sju øvrige framsyningane 1., 3., 4. 6., 7. 9. og 10. oktober i Operahuset Nordfjord.
MAN OF LA MANCHA
Written by Dale Wasserman
Music by Mitch Leigh
Lyrics by Joe Darion
Original Production Directed by Albert Marre
MAN OF LA MANCHA is presented by arrangement with Concord Theatricals Ltd. on behalf of Tams-Witmark LLC. - www.concordtheatricals.co.uk and Nordiska ApS -www.nordiska.dk
Medverkande
Aksel-Otto BullRegissør
Åse HegrenesScenograf/Kostymedesign
Arne KambestadLysmeister
Candice BredesenKoreograf
Michael PavelichMusikalsk leiar
Espen Langviki rolla somDon Quixote
Jan Erik Fillani rolla somSancho
Trond Gudevoldi rolla somVertshushaldaren
Eli Kristin Hanssveeni rolla somAldonza
Erlend Tvinnereimi rolla somEl Padre
Eirik Risholm Vellei rolla somDr. Carrasco
Eivind Kandali rolla somBarberen
Elisabeth Gimmestadi rolla somAntonia
Simon Standal Pavelichi rolla somPedro
Asbjørn Hageni rolla somAnselmo
Rønnaug Torheimi rolla somMaria
Paul Jacob Helgeseni rolla somJosé
Bård Stian Dalsethi rolla somJuan
Håvard Furnesi rolla somPaco
Rune Balsnesi rolla somKaptein i Inkvisisjonen