Billettar
Mannen frå La Mancha
Opera Nordfjord med Broadway-stemning på Scene 2 i Bjørvika
I 2013 var Opera Nordfjord på gjestespel på Scene 2 med Tryllefløyten, ei minnerik oppleving for livet for alle medverkande. I juni skal Opera Nordfjord igjen pakke ned kulissar, rekvisittar og kostyme og ta turen over fjellet frå vest til aust, denne gongen for å gje liv til Mannen frå La Mancha (The Man of La Mancha), ein musikal frå 1965 av Dale Wasserman, med tekst av Joe Darion, musikk av Mitch Leigh og nynorsk omsetting ved Hartvig Kiran. Musikalen er basert på Wasserman sitt TV-teater I, Don Quixote, som igjen var inspirert av Miguel de Cervantes og hans roman Don Quixote, som kom ut mellom 1605 og 1615. Den fortel historia om den galne riddaren Don Quixote, som eit spel i spelet, framført av Cervantes og hans medfangar, medan dei ventar på ei høyring i fengselet under Den spanske inkvisisjonen.
Opera Nordfjord gjorde stor suksess med musikalen i Operahuset Nordfjord hausten 2020 og ser fram til å vise fram denne rørande og inspirerande fortellinga om ein som var annleis enn alle rundt seg, og som torde å vere den han var og leve etter draumen han bar på i hjartet sitt, som han var tru mot til det siste. Produksjonen vert til eit tett samarbeid med Den Norske Opera & Ballett ved operasjef Randi Stene, som generøst har stilt sitt dyktige tekniske team til rådevelde for distriktsoperaen frå Nordfjordeid.
Regien er ved Aksel-Otto Bull, musikalsk leiing ved Michael Pavelich, scenografi og kostyme ved Åse Hegrenes og lys ved Arne Kambestad. Candice Bredesen har koreografi, Maren Togstad har ansvar for maske, Anndi Bergset er rekvisitør og Anne Gotaas er tilskjerar og produksjonsansvarleg for kostymene.
I hovudrollene møter vi Espen Langvik som Cervantes/Don Quixote, Eli Kristin Hanssveen som Aldonza/Dulcinea, Jan Erik Fillan som Sancho Panza. I øvrige roller finn vi Trond Gudevold, Erlend Tvinnereim, Eirik Risholm Velle, Eivind Kandal, Elisabeth Gimmestad, Simon Standal Pavelich, Asbjørn Hagen, Rønnaug Torheim, Paul Jacob Helgesen, Bård Stian Dalseth og Håvard Furnes.
Bli med på den både tragiske og morosame, men aller mest gripande reisa til Don Quixote og hans «fåfengde draum» - The Impossible dream. NB! Husk lommetørkle!
Framsyningar: 12.-14. juni.
LES PROGRAMHEFTE
MAN OF LA MANCHA is presented by arrangement with Concord Theatricals Ltd. on behalf of Tams-Witmark LLC. -www.concordtheatricals.co.uk and Nordiska ApS - www.nordiska.dk
Medverkande
![Michael Pavelich](/images/medverkjande/michael_pavelich.jpg)
Michael PavelichMusikalsk leiar
![Aksel-Otto Bull](/images/medverkjande/aksel-otto_bull.jpg)
Aksel-Otto BullRegissør
![Åse Hegrenes](/images/medverkjande/aase_hegrenes.jpg)
Åse HegrenesScenograf/Kostymedesign
![Arne Kambestad](/images/medverkjande/arne_kambestad.jpg)
Arne KambestadLysdesignar
![Candice Bredesen](/images/medverkjande/candice_bredesen.jpg)
Candice BredesenKoreograf
![Espen Langvik](/images/medverkjande/espen_langvik.jpg)
Espen Langviki rolla somDon Quixote
![Jan Erik Fillan](/images/medverkjande/jan_erik_fillan_2023.jpg#joomlaImage://local-images/medverkjande/jan_erik_fillan_2023.jpg?width=256&height=256)
Jan Erik Fillani rolla somSancho Panza
![Eli Kristin Hanssveen](/images/medverkjande/eli_kristin_hanssveen.jpg)
Eli Kristin Hanssveeni rolla somAldonza
![Trond Gudevold](/images/medverkjande/trond_gudevold.jpg)
Trond Gudevoldi rolla somVertshushaldaren
![Erlend Tvinnereim](/images/medverkjande/erlend_tvinnereim.jpg)
Erlend Tvinnereimi rolla somEl Padre
![Eirik Risholm Velle](/images/medverkjande/eirik_risholm_velle.jpg)
Eirik Risholm Vellei rolla somDr. Carrasco
![Eivind Kandal](/images/medverkjande/eivind_kandal.jpg)
Eivind Kandali rollene somBarberen/song i prolog/spegelriddarsvein
![Elisabeth Gimmestad](/images/medverkjande/elisabeth_gimmestad.jpg)
Elisabeth Gimmestadi rollene somAntonia/Fermina
![Simon Standal Pavelich](/images/medverkjande/simon-pavelich.jpg)
Simon Standal Pavelichi rollene somPedro/hest/gitarist
![Asbjørn Hagen](/images/medverkjande/asbjorn_hagen_2.jpg)
Asbjørn Hageni rollene somAnselmo/hest/spegelriddarsvein
![Rønnaug Torheim](/images/medverkjande/ronnaug_torheim.jpg)
Rønnaug Torheimi rollene somMaria/Hushalderska til Alonso Quijana
![Paul Jacob Helgesen](/images/medverkjande/paul_jacob_helgesen.jpg)
Paul Jacob Helgeseni rollene somJosè/spegelriddarsvein
![Bård Stian Dalseth](/images/medverkjande/bard_stian_dalseth.jpg)
Bård Stian Dalsethi rolla somJuan
![Håvard Furnes](/images/medverkjande/havard_furnes.jpg)
Håvard Furnesi rollene somPaco/spegelriddarsvein
![Steffen Haugen](/images/medverkjande/steffen_haugen.jpg)
Steffen Haugeni rolla somKaptein i Inkvisisjonen