Heim
La Bohème

Billettar

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

La Bohème

Kjært gjensyn med ein av verdas mest spelte og høgt elska operaer

I 2000 vart vakre La Bohème av Giacomo Puccini sett opp i Aulaen på Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid til stor jubel frå eit begeistra publikum. No er endeleg tida komen for eit kjært gjensyn med dei sjarmerande bohemane i ein av verdas mest spelte og høgt elska operaer, denne gongen i Operahuset Nordfjord. Vi er svært stolte over å kunne presentere operaen i ei funklande ny, nynorsk omsetting av Jostein Avdem Fretland.

La bohème er ein italiensk opera i fire akter og vart oppført første gong 1. februar 1896 på Teatro Regio i Torino i Italia under leiing av Arturo Toscanini. Librettoen vart skiven av Giuseppe Giacosa og Luigi Illica etter ein roman av Henri Murger: La Vie de Bohème.

Handlinga utspelar seg i kunstnarkretser i Paris, og dei berande rollene er poeten Rodolfo (tenor), syerska Mimi (sopran), målaren Marcello (baryton), musikaren Schaunard (baryton), filosofen Colline (bass) og den tidlegare songaren Musetta (sopran).

Det er ei stor glede å presentere solistlaget for jubiléumsproduksjonen 2018:
Mimi: Margrethe Fredheim, Rodolfo: Thorbjørn Gulbrandsøy, Marcello: Mads Wighus, Musetta: Gunda-Marie Bruce, Schaunard: Thomas Røshol, Colline: Eirik Roland Egeberg-Jensen, Alcindoro/Benoît: Lars Eggen.

Dirigent er Opera Nordfjord sin faste musikalske leiar, Michael Pavelich, og regissør vert svenske Mira Bartov, som gjestar Opera Nordfjord for første gong. Ho har ei lang merittliste å vise til, og vi gler oss til å samarbeide med henne. Det øvrige kunstnariske teamet består av scenograf og lysdesignar Fredrik Glahns, kostymedesignar Kajsa Larsson og maskør Ingunn Schumann Mosand. I tillegg har vi med vårt profesjonelle operaorkester og hyggeleg gjensyn med konsertmeister Stig Nilsson. Operakoret og barnekoret vert i desse dagar sett saman av lokale songarar frå heile regionen.

Velkomen til Facebooksida vår, Opera Nordfjord, der du finn fortløpande informasjon, bilete, videoar og nyhende – gå inn og lik den, så kjem informasjonen lettare til deg!

Medverkande

Michael Pavelich

Michael PavelichDirigent

Mira Bartov

Mira BartovRegissør

Jostein Avdem Fretland

Jostein Avdem FretlandNynorsk omsetting

Margrethe Fredheim

Margrethe Fredheimi rolla somMimi

Thorbjørn Gulbrandsøy

Thorbjørn Gulbrandsøyi rolla somRodolfo

Mads Wighus

Mads Wighusi rolla somMarcello

Gunda-Marie Bruce

Gunda-Marie Brucei rolla somMusetta

Thomas Røshol

Thomas Røsholi rolla somSchaunard

Eirik Roland Egeberg-Jensen

Eirik Roland Egeberg-Jenseni rolla somColline

Lars Eggen

Lars Eggeni rolla somAlcindoro/Benoît