Billettar
Hans og Grete
Vakkert, skummelt og morosamt
Billettsalet er i gang for den vakre, skumle, sjarmerande, morosame og gripande operaen Hans og Grete, etter Brødrene Grimm sitt eventyr. Her er garantert noko for ein kvar smak: først og fremst storslagen, romantisk musikk, dernest folkelege barnesongar vi kanskje har høyrt før, himmelsk ballettmusikk når dei fjorten englane kjem ned og vakar over borna i skogen, ei skikkeleg fæl heks i eit pepparkakehus i skogen og framfor alt: modige born.
Operaen er både ein fullskala opera for vaksne, med "moden" musikk, men òg ein spennande opera for barn. Så her kan heile familien gå saman, sjølv om det nok kan bli litt for skummelt for dei aller yngste borna.
Det kunstnariske teamet består av regissør Jeff Pedersen frå USA/Stongfjorden, kunstnarisk og musikalsk leiar Michael Pavelich, scenograf og kostymedesignar Åse Hegrenes, lysdesignar Marianne Thallaug Wedset, regiassistent Gareth Taylor, koreograf Candice Bredesen, maskør Ingunn Schumann Mosand og rekvisitør Anndi Bergset. Inspisient er Sofia Berg og repetitørar er Andreas Løken Taklo og Tone Støylen Holgersson.
Hans og Grete hadde verdspremiere i Weimar i Tyskland Lille Julaftan 1893, dirigert av sjølvaste Richard Strauss, og operaen vart straks ein publikumssuksess for både vaksne og born. Operaen er av dei kjæraste og meste spelte i operalitteraturen, og no er turen komen til Opera Nordfjord. Vi har ønskt å setje opp dennne operaen sidan vi starta opp i 1998. Etter 21 år er vi klare og gler oss til premiere onsdag 2. oktober og øvrige framsyningar 3., 5., 6., 8., 9.,11. og 12. oktober.
Medverkande
![Marika Schultze](/images/medverkjande/marika_schultze.jpg)
Marika Schultzei rolla somHans
![Vibeke Kristensen](/images/medverkjande/vibeke_kristensen.jpg)
Vibeke Kristenseni rolla somGrete
![Siv Oda Hagerupsen](/images/medverkjande/siv_oda_hagerupsen_2023.jpg#joomlaImage://local-images/medverkjande/siv_oda_hagerupsen_2023.jpg?width=256&height=256)
Siv Oda Hagerupseni rolla somMor Gertrud
![Trond Halstein Moe](/images/medverkjande/trond_halstein_moe.jpg)
Trond Halstein Moei rolla somFar Peter
![David Fielder](/images/medverkjande/david_fielder.jpg)
David Fielderi rolla somHeksa
![Elisabeth Gimmestad](/images/medverkjande/elisabeth_gimmestad.jpg)
Elisabeth Gimmestadi rolla somAftenfe/Morgonfe
![Michael Pavelich](/images/medverkjande/michael_pavelich.jpg)
Michael PavelichMusikalsk leiar
![Jeff Pedersen](/images/medverkjande/jeff_pedersen.jpg)
Jeff PedersenRegissør
![Åse Hegrenes](/images/medverkjande/aase_hegrenes.jpg)
Åse HegrenesScenograf/Kostymedesign
![Marianne Wedset](/images/medverkjande/marianne_wedset.jpg)
Marianne WedsetLys
![Gareth Taylor](/images/medverkjande/gareth_taylor.jpg)
Gareth TaylorRegiassistent
![Candice Bredesen](/images/medverkjande/candice_bredesen.jpg)
Candice BredesenKoreograf
![Ingunn Schumann Mosand](/images/medverkjande/ingunn_schumann_mosand.jpg)
Ingunn Schumann MosandMaskør
![Anndi Bergset](/images/medverkjande/anndi_bergset2.jpg)
Anndi BergsetRekvisitør/Scenograf-assistent
![Med fleire](/images/medverkjande/biletemanglar.jpg)
Med fleire