Heim
Festkonsert

Billettar

Førdehuset Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Festkonsert

Opera Nordfjord med Festkonsertturné i mars

Når Michael Pavelich skal takke for seg og pensjonere seg etter snart 26 år som musikalsk leiar i Opera Nordfjord, gjer han det like godt tre gongar, når Opera Nordfjord innbyr til  Festkonsert i Førde torsdag 14. mars og på Nordfjordeid fredag 15. og laurdag 16. mars. Han avsluttar karrieren i Operahuset Nordfjord på sin eigen 70-årsdag.

NB! NB! Den planlagde konserten i Florø Kulturhus fredag 15. mars er avlyst og flytta til Operahuset Nordfjord same dag.

Hovudsolisten er sopranen Eli Kristin Hanssveen, som har gjesta Opera Nordfjord med hovudroller både i Mannen frå la Mancha og i Jorden rundt på 80 dager. Ho er kjend som ein svært fleksibel songar, som meistrar alle stilar, frå pop og musikal til operette og opera. Til dagleg er ho fast tilsett som solist ved Den Norske Opera & Ballett. Sist vi såg henne på TV_skjermen var som deltakar i årets norske Melodi Grand Prix. Vi får høyre Eli Kristin mellom anna i i filmmusikk frå Once Upon a Time in The West, The Girl in 14 GVissi d’Arte frå operaen ToscaDepuis le jour frå operaen Louisa Miller, i og i duett med Alexander Pavelich i The Prayer.

Eit stort, samansett operakor på om lag 70 songarar får eit spennande korrepertoar å bryne seg på, frå Påskekoret i Cavalleria Rusticana til Shenandoah og det kjende Slavekoret frå operaen NebukadnesarThe Battle Hymn of the Republic vert nok eit av høgdepunkta når både kor og orkester dreg til på finalenummeret. Også Michael sjølv skal til pers som solist på Ya got Trouble frå musikalen The Music Man.

Orkesteret på 50 profesjonelle musikarar  skal òg få glitre åleine, mellom anna i utdrag frå Star-Wars Suite og kjend teiknefilmmusikk frå Tom & Jerry. Det vert elles utdrag frå musikalane  Les Misérables West Side Story og The Scarlet Pimpernel.  Så breidde, show og fest er nok dekkjande stikkord for denne konsertturnéen, som garantert vil ha noko for ein kvar smak! I tillegg vert også borna Alexander, Simon og Martha med som gjestesolistar.

Velkommen til vakker, spennande og rørande musikk og mykje moro i Førdehuset torsdag 14. mars og Operahuset Nordfjord fredag 15. mars og laurdag 16. mars!

NB! Konserten i operahuset 16. mars er no utseld, men vi har akkurat opna billettsalet til ny konsert i operahuset fredag 15. mars – vi ønskjer velkomen til nye publikummarar i operahuset!  

Medverkande

Operakor

Operakor

Michael Pavelich

Michael PavelichKonferansier

Eli Kristin Hanssveen

Eli Kristin HanssveenSolist