Sildagapet

Kjøp billett

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Sildagapet

Sildeopera med sjalusi og kjærleik

Opera Nordfjord sitt tingingsverk Sildagapet av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde handlar om det eventyrlege sildefisket i Måløy på 1950-talet. Brykkjete notbasar, Frelsesarmémøte, sjaulsi, kjærleik og Snurpedans i Turnhallen vert nokre av ingrediansane. Solistlaget er no klart og utgjer ei fin blanding av songarar med lokal og regional tilknyting og ein «gjestesolist» frå Nord-Norge.

Vi får eit hyggeleg gjensyn med sopranen Helga Botn, opprinneleg frå Volda, som sist vitja Opera Nordfjord i tittelrolla i Hertuginna av Chicago i 2008. Tenoren Eivind Kandal kjem frå frå Kandal i Gloppen og vert uteksaminert med mastergrad frå operahøgskolen i København til våren. Han har allereie debutert i La Traviataved Den Kongelige Opera i den danske hovudstaden. Magne Fremmerlid frå Skodje på Sunnmøre har vore tilsett som fast solist ved nasjonaloperaen i ei årrekkje, Han har var solist med Opera Nordfjord for første gong i Beethovens 9. Symfoni i 2015 og skal vere solist på vårturnéen i mars. Mezzosopran Jeanette Ekornåsvåg Goldstein kjem opprinneleg frå Ålesund, men er busett i Oslo, der ho har base som frilanssongar. Det er første gong ho gjestar distriktsoperaen på Nordfjordeid og har tidlegare m.a. gjort hovudrolla i Carmen med Opera Sør i Kristiansand. Jonas Navarsete frå Sogndal studerer klassisk song ved Norges Musikkhøgskole, men har bakgrunn frå både pop- og musikalsjangeren. Han har si første operarolle i Sildagapet som bonde- og fiskarsonen Guttorm. Nordlendingen Kristian Krokslett frå Saltengjorde rolla som Remendado i Carmen i Operahuset Nordfjord i 2009, no kjem han tilbake som glopparen Ragnar. Det vert nok bråøving av Gloppe-dialekt i heile sommar! Ungjenta Inga vert sunge av Martha Standal Pavelich frå Nordfjordeid. Ho er elev ved Eid vidaregåande skule og har vore med i operakoret i fleire år og hatt soloroller i The Sound of Music og Sweeney Todd.

Det kunstnariske teamet er samansett av regissør Ronald Rørvik, kjend frå fleire produksjonar med Opera Nordfjord, sist med Hoffmanns Eventyr, scenograf og kostymedesignar Åse Hegrenes, lysdesignar Ovar Holmen, maskør Maren Togstad og musikalsk leiar Michael Pavelich.

Familieoperaen Sildagapet skildrar det yrande folkelivet i Måløy på midten av 1950-talet, då det eventyrlege sildefisket dobla folketalet i kystbyen. Historia er oppdikta, men librettist Jostein Avdem Fretland har lagt vekt på at dei historiske referansane skal bli så autentiske som mogleg. Dei som huskar Måløy frå etterkrigstida vil garantert kjenne seg igjen i mange av scenene, mellom anna frå Snurpedansen i Turnhallen.

Om kort tid vert det lyst etter amatørsongarar til operakoret både for vaksne og born, då operaen treng både vaksenkor, bornekor og sildegutar.

 

Medverkande

: Eivind Kandal

Eivind Kandal
Håkon

: Martha Standal Pavelich

Martha Standal Pavelich
Inga

: Jonas Nyløy Navarsete

Jonas Nyløy Navarsete
Guttorm

: Øystein Skre

Øystein Skre
Ragnar

: Jeanette Ekornåsvåg Goldstein

Jeanette Ekornåsvåg Goldstein
Tora

: Magne Fremmerlid

Magne Fremmerlid
Bjørn på Sanden

: Helga Botn

Helga Botn
Gunnhild

: Kristian Krokslett

Kristian Krokslett
Erling

Dirigent: Michael Pavelich

Michael Pavelich
Dirigent

Regissør: Ronald Rørvik

Ronald Rørvik
Regissør

Scenograf/Kostymedesign: Åse Hegrenes

Åse Hegrenes
Scenograf/Kostymedesign

Lysdesignar: Ovar Holmen

Ovar Holmen
Lysdesignar

Koreograf/Regiassistent: Toni Herlofson

Toni Herlofson
Koreograf/Regiassistent

Maskør: Maren Togstad

Maren Togstad
Maskør

Librettist: Jostein Avdem Fretland

Jostein Avdem Fretland
Librettist

Komponist: Helge Sunde

Helge Sunde
Komponist

med fleire