Puccinifest

Kjøp billett

Trivselshagen Operahuset Nordfjord Førdehuset

Puccinifest

med operafavorittar og Messa di Gloria.

For den som elskar Puccini, og for den som ikkje visste at han elskar Puccini, byr Opera Nordfjord på eit eksklusivt Puccini-program med konsertturné 24.-26. mars.

Det vakre og mektige korverket Messa di Gloria vert framført av eit storkor samansett av Musikklinjekoret ved Firda vidaregåande skule og Nordfjord Operakor og andre amatørsongarar som ønskjer å bli med. Musikklinjekoret har hatt fleire samarbeidsprosjekt med Opera Nordfjord tidlegare, både operagallaturné, Verdis Requiem, Messias og Beethovens 9. symfoni, og distriktsoperaen på Nordfjordeid ser fram til å arbeide med dyktige ungdommar frå heile fylket.

Messa di Gloria var Puccini si eksamensoppgåve frå Instituto Musicale Pacini i Lucca og hadde premiere i 1888 med stor suksess. Likevel vart ikkje verket utgitt av Puccini, og først i 1952 vart det framført igjen, i USA og Italia. Messa inneheld dei tradisjonelle messeledda Kyrie, Gloria, Credo, Sanctus, Benedictus og Agnus Dei og er skrive for kor, orkester, tenor, baryton og bass. I tillegg til messa får vi mellom anna høyre den vakre Intermezzo frå Manon Lescaut, Preludio Sinfonico og den kjende duetten mellom Pinkerton og Sharpless frå Madama Butterfly. Heile programmet vert ei oppvisning i velklang og musikalske høgdepunkt med høg gåsehudfaktor.

Solistane vert den kjende amerikanske tenoren Evan Bowers, som til våren syng Don José i Carmen ved Den Norske Opera & Ballett, og bassen Magne Fremmerlid frå Skodje på Sunnmøre, som har sunge ved nasjonaloperaen i ei årrekkje.

Konsertane vert i Trivselshagen på Sandane fredag 24. mars, så i Operahuset Nordfjord  laurdag 25. mars og i Førdehuset søndag 26. mars.

Medverkande

Dirigent: Michael Pavelich

Michael Pavelich
Dirigent

Tenor: Evan Bowers

Evan Bowers
Tenor

Bass: Magne Fremmerlid

Magne Fremmerlid
Bass

med fleire