Mannen frå La Mancha

Kjøp billett

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Mannen frå La Mancha

Broadway-stemning i haust

Det er duka for Broadway-stemning i Operahuset Nordfjord, når sceneteppet går for Mannen frå La Mancha på premieren 30. september. Med spelerestriksjonar for alle kulturinstitusjonar i desse uvanlege tider, er Opera Nordfjord endeleg klare til å gi publikum etterlengta scenekunstopplevingar til hausten.

Mannen frå La Mancha (The Man of La Mancha) er ein musikal frå 1965 av Dale Wasserman, med tekst av Joe Darion, musikk av Mitch Leigh og nynorsk omsetting ved Hartvig Kiran. Den er basert på Wasserman sitt TV-teater I, Don Quixote, som igjen var inspirert av Miguel de Cervantes og hans roman Don Quixote, som kom ut mellom 1605 og 1615. Den fortel historia om den galne riddaren Don Quixote, som eit spel i spelet, framført av Cervantes og hans medfangar, medan dei ventar på ei høyring under Den spanske inkvisisjonen.

Regissør for årets storsatsing er Aksel-Otto Bull frå Oslo, som gjestar Opera Nordfjord for første gong. Det øvrige kunstnariske teamet er samansett av dirigent Michael Pavelich, scenograf og kostymedesignar Åse Hegrenes, lysmeister Arne Kambestad, koreograf Candice Bredesen og maskør Ingunn Schumann Mosand.

Solistlaget er ei spennande blanding av etablerte operasolistar, nyutdanna musikalartistar frå Nordfjordeid og dyktige, lokale amatørar. Espen Langvik, tidlegare solist ved Den Norske Opera & Ballett, spelar sjølvaste Don Quixote. Tenaren hans vert tolka av Jan Erik Fillan. Eli Kristin Hanssveen er til dagleg ein del av solistensemblet ved Den Norske Opera & Ballett, for mange også kjend frå Stjernekamp for nokre år tilbake. Rolla som Aldonza er som skapt for henne. Øvrige solistar vert bassen Trond Gudevold,  ørstingen Eirik Risholm Velle, tenoren Erlend Tvinnereim, med slektsrøter frå Stryn, Eivind Kandal og Elisabeth Gimmestad frå Gloppen og Simon Standal Pavelich og Asbjørn Hagen, begge nyutdanna musikalartistar frå Nordfjordeid. I tillegg får vi gjensyn med fleire lokale talent;  Rønnaug Torheim er tilbake på scena saman med Paul Jacob Helgesen, Bård Stian Dalseth, Håvard Kvammen Furnes og Rune Balsnes. Musikalen er definitivt ein ensemble-produksjon, der alle dei medverkande er tilstades og nærverande gjennom heile handlinga i eit intenst drama. Handlinga er vekselvis rå, brutal, morosam og djupt rørande, med vakker, spanskinspirert musikk.

Den originale 1965 Broadway-produksjonen vart framført 2328 gongar og vann fem Tony Awards, inklusive Best Musical. Musikalen er ein av dei kjæraste og mest populære innan musikkteater-sjangeren, der særleg den vakre songen The Impossible Dream er kjend for mange.

Billettsalet er allereie i gong, og musikalen har premiere onsdag 30. september, med dei sju øvrige framsyningane 1., 3., 4. 6., 7. 9. og 10. oktober i Operahuset Nordfjord.

MAN OF LA MANCHA
Written by Dale Wasserman
Music by Mitch Leigh
Lyrics by Joe Darion
Original Production Directed by Albert Marre

MAN OF LA MANCHA is presented by arrangement with Concord Theatricals Ltd. on behalf of Tams-Witmark LLC. - www.concordtheatricals.co.uk and Nordiska ApS -www.nordiska.dk

Medverkande

Regissør: Aksel-Otto Bull

Aksel-Otto Bull
Regissør

Scenograf/Kostymedesign: Åse Hegrenes

Åse Hegrenes
Scenograf/Kostymedesign

Lysmeister: Arne Kambestad

Arne Kambestad
Lysmeister

Koreograf: Candice Bredesen

Candice Bredesen
Koreograf

Musikalsk leiar: Michael Pavelich

Michael Pavelich
Musikalsk leiar

i rolla som: Espen Langvik

Espen Langvik
i rolla som
Don Quixote

i rolla som: Jan Erik Fillan

Jan Erik Fillan
i rolla som
Sancho

i rolla som: Trond Gudevold

Trond Gudevold
i rolla som
Vertshushaldaren

i rolla som: Eli Kristin Hanssveen

Eli Kristin Hanssveen
i rolla som
Aldonza

i rolla som: Erlend Tvinnereim

Erlend Tvinnereim
i rolla som
El Padre

i rolla som: Eirik Risholm Velle

Eirik Risholm Velle
i rolla som
Dr. Carrasco

i rolla som: Eivind Kandal

Eivind Kandal
i rolla som
Barberen

i rolla som: Elisabeth Gimmestad

Elisabeth Gimmestad
i rolla som
Antonia

i rolla som: Simon Standal Pavelich

Simon Standal Pavelich
i rolla som
Pedro

i rolla som: Asbjørn Hagen

Asbjørn Hagen
i rolla som
Anselmo

i rolla som: Rønnaug Torheim

Rønnaug Torheim
i rolla som
Maria

i rolla som: Paul Jacob Helgesen

Paul Jacob Helgesen
i rolla som
José

i rolla som: Bård Stian Dalseth

Bård Stian Dalseth
i rolla som
Juan

i rolla som: Håvard Furnes

Håvard Furnes
i rolla som
Paco

i rolla som: Rune Balsnes

Rune Balsnes
i rolla som
Kaptein i Inkvisisjonen