La Bohème

Kjøp billett

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

La Bohème

Kjært gjensyn med ein av verdas mest spelte og høgt elska operaer

I 2000 vart vakre La Bohème av Giacomo Puccini sett opp i Aulaen på Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid til stor jubel frå eit begeistra publikum. No er endeleg tida komen for eit kjært gjensyn med dei sjarmerande bohemane i ein av verdas mest spelte og høgt elska operaer, denne gongen i Operahuset Nordfjord. Vi er svært stolte over å kunne presentere operaen i ei funklande ny, nynorsk omsetting av Jostein Avdem Fretland.

La bohème er ein italiensk opera i fire akter og vart oppført første gong 1. februar 1896 på Teatro Regio i Torino i Italia under leiing av Arturo Toscanini. Librettoen vart skiven av Giuseppe Giacosa og Luigi Illica etter ein roman av Henri Murger: La Vie de Bohème.

Handlinga utspelar seg i kunstnarkretser i Paris, og dei berande rollene er poeten Rodolfo (tenor), syerska Mimi (sopran), målaren Marcello (baryton), musikaren Schaunard (baryton), filosofen Colline (bass) og den tidlegare songaren Musetta (sopran).

Det er ei stor glede å presentere solistlaget for jubiléumsproduksjonen 2018:
Mimi: Margrethe Fredheim, Rodolfo: Thorbjørn Gulbrandsøy, Marcello: Mads Wighus, Musetta: Gunda-Marie Bruce, Schaunard: Thomas Røshol, Colline: Martin Hatlo, Alcindoro/Benoît: Lars Eggen.

Dirigent er Opera Nordfjord sin faste musikalske leiar, Michael Pavelich, og regissør vert svenske Mira Bartov, som gjestar Opera Nordfjord for første gong. Ho har ei lang merittliste å vise til, og vi gler oss til å samarbeide med henne. Det øvrige kunstnariske teamet vert klart om kort tid. I tillegg har vi med vårt profesjonelle operaorkester og hyggeleg gjensyn med konsertmeister Stig Nilsson. Operakoret og barnekoret vert i desse dagar sett saman av lokale songarar frå heile regionen – det er framleis plass til fleire, så ta gjerne kontakt, om du eller nokon du kjenner ønskjer å synge i operakoret vårt.

Billettsalet opnar 1. desember – vi minner om at  operabillettar er ein strålande julegåveidé!

Velkomen til Facebooksida vår, Opera Nordfjord, der du finn fortløpande informasjon, bilete, videoar og nyhende – gå inn og lik den, så kjem informasjonen lettare til deg!

Medverkande

Dirigent: Michael Pavelich

Michael Pavelich
Dirigent

Regissør: Mira Bartov

Mira Bartov
Regissør

Nynorsk omsetting: Jostein Avdem Fretland

Jostein Avdem Fretland
Nynorsk omsetting

i rolla som: Margrethe Fredheim

Margrethe Fredheim
i rolla som
Mimi

i rolla som: Thorbjørn Gulbrandsøy

Thorbjørn Gulbrandsøy
i rolla som
Rodolfo

i rolla som: Mads Wighus

Mads Wighus
i rolla som
Marcello

i rolla som: Gunda-Marie Bruce

Gunda-Marie Bruce
i rolla som
Musetta

i rolla som: Thomas Røshol

Thomas Røshol
i rolla som
Schaunard

i rolla som: Martin Hatlo

Martin Hatlo
i rolla som
Colline

i rolla som: Lars Eggen

Lars Eggen
i rolla som
Alcindoro/Benoît

med fleire