Kommentarfeltet

Kjøp billett

Operahuset Nordfjord

Kommentarfeltet

Gjesteframsyning frå NTNU

Før vart sanninga servert av born og fulle folk. No får vi alle former for sanningar presentert i kommentarfeltet i sosiale medium.

 

Opplev nyskriven, nyskapande opera med eit høgaktuelt tema! Korleis vil det høyrest ut når dei villaste kommentarane frå nettet sine mange kommentarfelt vert sunge? I kammeroperaen Kommentarfeltet møter vi nettroll, glade bloggarar, fitnessguruar, sjølvlærte fagspesialistar, pinnsvin, blautdyr og i alle fall ein moderator. Alle vil dele seg og sitt – og ingen er eigentleg den dei gir seg ut for å vere. Debattantane syng ut sitt sinne, sin tomheit og si fortviling – vil nokon til slutt faktisk møtast? Og vil nokon bli forløyst av å endeleg bli lest eller aller helst, høyrt?

Kammeroperaen Kommentarfeltet hadde urpremiere i september 2015 i Teaterkaféen på Trøndelag Teater og er skriven av Marianne Meløy og komponist Trygve Brøske. Oppsettinga var eit resultat av eit samarbeid mellom Trondheim Kammermusikkfestival og Trøndelag Teater og vart ein stor suksess. I august skal både skuleelevar ved dei vidaregåande skulane i Nordfjord og Opera Nordfjord sitt ordinære publikum få gleda av å oppleve denne aktuelle operaen. Kommentarfeltet er ein heldig kombinasjon av gjenkjenneleg tekst basert på verkelege ytringar i diverse kommentarfelt og gjennomkomponert, ny operamusikk.

I hovudrollene møter vi songarane Isa Katharina Gericke, Maija Skille, Torstein Fosmo og Andreas Elvenes. I tillegg deltek komponist og pianist Trygve Brøske og fire songstudentar frå NTNU. Du kan rett og slett ikkje gå glipp av denne hysterisk morosame operaen - vi garanterer jamn og intens trimming av lattermusklane gjennom den timelange framsyninga.

Medverkande

Forfattar: Marianne Meløy

Marianne Meløy
Forfattar

Pianist: Trygve Brøske

Trygve Brøske
Pianist

Hovudrolle: Isa Katharina Gericke

Isa Katharina Gericke
Hovudrolle

Hovudrolle: Maija Skille

Maija Skille
Hovudrolle

Hovudrolle: Torstein Fosmo

Torstein Fosmo
Hovudrolle

Hovudrolle: Andreas Elvenes

Andreas Elvenes
Hovudrolle

med fleire