Hans og Grete

Kjøp billett

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Hans og Grete

Vakkert, skummelt og morosamt

Billettsalet er i gang for den vakre, skumle, sjarmerande, morosame og gripande operaen Hans og Grete, etter Brødrene Grimm sitt eventyr. Her er garantert noko for ein kvar smak: først og fremst storslagen, romantisk musikk, dernest folkelege barnesongar vi kanskje har høyrt før, himmelsk ballettmusikk når dei fjorten englane kjem ned og vakar over borna i skogen, ei skikkeleg fæl heks i eit pepparkakehus i skogen, ei ond stemor, og framfor alt: modige born.

Operaen er både ein fullskala opera for vaksne, med "moden" musikk, men òg ein spennande opera for barn. Så her kan heile familien gå saman, sjølv om det nok kan bli litt for skummelt for dei aller yngste borna.

Det kunstnariske teamet og solistlaget vert sett saman i desse dagar -  enn så lenge har vi gleda av å presentere vår regissør, Jeff Pedersen frå USA, busett i Stongfjorden i Sunnfjord. Han driv sitt eige selskap, Jeff Pedersen Productions og er mykje nytta som  teaterregissør og kampsportinstruktør.  Det er ei stor glede å ha han med på laget, og vi gler oss til spennande samarbeid i det nye året!

Hans og Grete hadde verdspremiere i Weimar i Tyskland Lille Julaftan 1893, dirigert av sjølvaste Richard Strauss, og operaen vart straks ein publikumssuksess for både vaksne og born.  Operaen er av dei kjæraste og meste spelte i operalitteraturen, og no er turen komen til Opera Nordfjord. Vi har ønskt å setje opp dennne operaen sidan vi starta opp i 1998. Etter 21 år er vi klare og gler oss til premiere onsdag 2. oktober og øvrige framsyningar 3., 5., 6., 8., 9.,11. og 12. oktober.

Medverkande

Regissør: Jeff Pedersen

Jeff Pedersen
Regissør

med fleire