Beethovens 9. symfoni

Kjøp billett

Trivselshagen Operahuset Nordfjord Førdehuset

Beethovens 9. symfoni

Symfoni nr. 9 i d-moll Toccata & Fuge i d-moll av Bach/Stokowsky, Laudate Dominum av Mozart m.m. Musikklinjekoret ved Firda vidaregåande skule og Operakoret.

Symfoni nr. 9 i d-moll, op. 125, også kjend som «koral-symfonien» – er Beethoven sin siste symfoni,  og er eit av dei mest kjende og mest spelte verka innan klassisk musikk. Den vart ferdigstilt i 1824 etter seks års arbeid. Av kritikarane er den rangert som Beethoven sitt aller beste verk, og mange meiner den òg er eit av dei viktigaste verka i det klassiske musikkrepertoaret. Det var første gongen ein nytta stemmer  i ein symfoni. Etter tre instrumentale satsar i wienerklassisk stil, som Beethoven utfordrar både rytmisk og harmonisk, tek den fjerde satsen steget over i ein romantikk som sprenger råmene til den strenge klassisismen. Musikken speglar ein lengsel etter det uendelege.  Fjerde satsen åleine er 25 minutt, lenger enn dei fleste symfoniar før Beethoven si tid, og den fjerde satsen er igjen delt inn i fire delar, som ein symfoni i symfonien! 

\r\n
\r\n

 

\r\n

Teksten vert sunge av fire solistar og kor i den fjerde og siste satsen i symfonien og er henta frå diktet «Ode til gleden» av Friedrich von Schiller,  skrive i 1785 og revidert i 1803. Beethoven nytta ikkje heile diktet, men konsentrerte seg om dei versa som særleg klårt får fram dei tre slagorda frå den franske revolusjonen: FRIHET, LIKHET og BRORSKAP. Oden er ikkje berre ein hyllest til gleden, men like mykje til  dei demokratiske verdiane, som Beethoven sette så høgt.

\r\n

Det var The Philharmonic Society of London som opprinneleg tinga symfonien i 1817. Symfonien sprang ut frå fleire mindre komposisjonar av Beethoven i tidsrommet 1818-1822, som ein kan rekne som skisser til den endelege symfonien. Koralfantasi, op. 80 frå 1808, i hovudsak ein pianokonsertsats, avsluttar med kor og solistar. Tema frå dette verket er lett å finne att i den niande symfonien. Symfonien hadde premiere i Wien 7. mai 1824, og Beethoven hadde samla det største orkesteret nokonsinne, beståande av to profesjonelle orkester og ei rekkje dyktige amatørmusikarar. Beethoven var på scena og dirigerte saman med kapellmeister Michael Umlauf, men songarar og musikarar fekk streng beskjed om å oversjå Beethoven, då han var blitt fullstendig døv på denne tida. Då symfonien var over, dirigerte Beethoven framleis, sidan han låg litt etter i tempo, så den eine solisten måtte gå fram og snu han mot publikum, så han kunne motta den overveldande mottakinga av eit overbegeistra publikum. Sjølv om orkesteret visstnok hadde øvd for lite, og resultatet nok var langt frå perfekt, vart premieren ein stor suksess, og Beethoven vart feira med langvarig, ståande applaus. Lommedukar, hender og hattar veiva i lufta frå eit begeistra publikum, som viste sin store, synlege – om ikkje høyrbare -  respekt for den store meisteren.   

Medverkande