The Sound of Music

Kjøp billett

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

The Sound of Music

- ein amatørproduksjon i samarbeid med R&H Theatricals Europe

Opera Nordfjord sette opp si første familieframsyning i 2013, då balletten Nøtteknekkaren hadde stor suksess i operahuset. No er Opera Nordfjord klar for neste familieproduksjon, som vert den kjende og folkekjære musikalen The Sound of Music av Rodgers & Hammerstein.

 

Michael Pavelich sette opp denne musikalen i 2008 for Eid Ungdomsskule, no skal han igjen ha regien med eit nytt lag av barn, ungdom og vaksne, som er utvalde etter audition. Over 90 kandidatar melde seg, av dei svært menge godt kvaifiserte. Ein kunne ha sett opp minst tre rollelag med alle dei dyktige songarane og skodespelarane! Etter grundige drøftingar og callback er rollelista klar, med ei fin blanding av amatørar og profesjonelle, i all hovudsak frå eige distrikt. Mange av dei som ikkje fekk soloroller har fått tilbod om å vere med i nonnekoret, som er ein viktig del av musikalen, med fleire flotte musikalske nummer. 

Følgjande songarar har fått rolle som borna i von Trapp-familien: 

eirill daemringanna lillestol naustdaliver flyum bjorloingrid oliva melheimdennis heimsaetersofia hyttedalenmartha standal pavelich

Gretl: Eirill Dæmring (Nordfjordeid)

Marta: Anna Lillestøl Naustdal (Haugen)

Kurt: Iver Flyum Bjørlo (Nordfjordeid)

Brigitta: Ingrid Oliva Halnes Melheim (Hjelle)

Friedrich: Dennis Heimsæter (Haugen)

Louisa: Sofia Hyttedalen (Gloppen)

Liesl: Martha Standal Pavelich (Haugen)

 

Av vaksne roller skal Jorunn Torsheim frå Førde/Oslo synge hovudrolla som Maria, Erlend Gjul frå Askvoll skal gjere rolla som kaptein Georg von Trapp, distriktsmusikar Christine Marøy frå Førde vert abbedissa, Roy Aron Myklebust frå Stryn speler familievennen Max, og Torunn Lødemel Stokkeland frå Hornindal skal tolke rolla som hushjelpa Frau Schmidt. Asbjørn Hagen, Eid skal gjere rolla som Rolf, kjærasten til Liesl, Silvia Holmøy frå Holmøyane vert Baronessa, venninna til Georg von Trapp, og Dag Inge Dæmring speler rolla som admiralen.

Nonnekoret er samansett av unge jenter og vaksne frå Eid, Volda, Hornindal og Gloppen. I tillegg vert det mindre statistroller, som vert klare etter kvart.

Regissør og musikalsk leiar vert Michael Pavelich, koreograf vert Candice Bredesen, og det vert eit nært samarbeid med Eid vgs i produksjon av kulissar og rekvisittar. Eit samansett orkester skal akkompagnere alle dei kjente og kjære slagarane frå orkestergrava. 

Opera Nordfjord vonar at fleire generasjonar finn vegen til operahuset for å gjenoppleve - eller oppleve for første gong - den rørande historia og den vakre musikken når lokale talent igjen skal glede publikum med The Sound of Music i Nordfjord.

Musikk av Richard Rodgers
Songtekstar av Oscar Hammerstein II
Manus av Howard Lindsay og Russel Crouse
Inspirert av "The Trapp Family Singers" av Maria Augusta Trapp

Medverkande

Musikalsk leiar: Michael Pavelich

Michael Pavelich
Musikalsk leiar

Koreograf: Candice Bredesen

Candice Bredesen
Koreograf

Scenograf: Anndi Bergset

Anndi Bergset
Scenograf

Kostymedesign: Anne Spets

Anne Spets
Kostymedesign

Lysdesignar: Ovar Holmen

Ovar Holmen
Lysdesignar

: Jorunn Torsheim

Jorunn Torsheim
Maria

: Erlend Ona Gjul

Erlend Ona Gjul
Kaptein Georg von Trapp

: Christine Marøy

Christine Marøy
Abbedissen

: Torunn Lødemel Stokkeland

Torunn Lødemel Stokkeland
Frau Schmidt

: Roy Aron Myklebust

Roy Aron Myklebust
Max

: Silvia Holmøy

Silvia Holmøy
Baronessa

: Asbjørn Hagen

Asbjørn Hagen
Rolf

: Dag Inge Dæmring

Dag Inge Dæmring
Admiralen

: Eirill Dæmring

Eirill Dæmring
Gretl

: Anna Lillestøl Naustdal

Anna Lillestøl Naustdal
Marta

: Iver Flyum Bjørlo

Iver Flyum Bjørlo
Kurt

: Ingrid Oliva Melheim

Ingrid Oliva Melheim
Brigitta

: Sofia Hyttedalen

Sofia Hyttedalen
Louisa

: Dennis Heimsæter

Dennis Heimsæter
Friedrich

: Martha Standal Pavelich

Martha Standal Pavelich
Liesl

: Nonnekor

Nonnekor

: Orkester

Orkester