Sommarskule med Opera Nordfjord

Sommarskule med Opera Nordfjord

Likar du å synge, danse, spele teater, eller har lyst til å lære å lage rekvisittar? Bli med på sommarskulen vår!

Opera Nordfjord innbyr born og unge til Sommarskule  2. - 7. august i samarbeid med Stad Kommune! Kurset er gratis for alle born og unge med fødselsår 2005-2011, og no tek vi inn born og unge også frå andre kommunar. Likar du å synge, danse, spele teater, eller har lyst til å lære å lage rekvisittar? Vi tilbyr spennande kurs med dyktige instruktørar heile veka igjennom! 

Instruktørane er henta frå kommunen vår og består av vaksne med lang fartstid og unge, nyutdanna musikalartistar og dansarar:

Michael Pavelich, Anndi Bergset, Erlend Os, Johanne llje,  Asbjørn Hagen, Thea Mavropoulou, Ingrid Tykhelle Kayser, Sunniva Honningsvåg, Eline Lillestøl, Martha Standal Pavelich og Adrian Haustveit Kronstad.

Vi tek imot fortløpande  påmelding no og framover til kursa er fulle, det er førstemann til mølla!

Om sommarskulen

På sommarskulen til Opera Nordfjord kan du velge mellom tre kurs: Song og Musikkteater, Dans, eller Rekvisitt- og kostymeverkstad. Du melder deg på eitt av kursa, som er det du skal halde på med heile veka. Det er ikkje mogleg å velge fleire enn eitt kurs, eller bytte gruppe i løpet av veka. Du kan likevel få prøve smakebitar av andre aktivitetar gjennom veka. Kvar dag har vi ein ny lunsjaktivitet – dette kan vere klovnesminke, teatersport, teaterleik, danseaktiviteter m.m., dette kan du velge frå dag til dag.

Du er akkurat like velkommen på sommarskulen om du har heldt på lenge, eller om du aldri har prøvd det du melder deg på før! Det som er viktig er at du har lyst til å prøve, og lyst til å bruke ei veke på å jobbe med det du melder deg på. For at vi skal kunne lage eit opplegg som er kjekt for alle, vil vi gjerne at du skriv litt i påmeldinga om du har heldt på med det du melder deg på frå før, eller ikkje.

Sommarskulen varer frå måndag 2. august til laurdag 7. august. Vi møtast klokka 09:00 kvar dag og avsluttar klokka 15:00. På laurdagen har vi ein avslutningsdag der vi viser fram det vi har arbeidd med i løpet av veka. Etterpå har vi avslutning med grilling og kos.

Nedanfor står det litt meir om kvart av dei tre kursa du kan velje mellom. Det er avgrensa tal plassar på kvart kurs, og dei som melder seg på først, får plassen.

Song og musikkteater

På dette kurset vil vi gjere mykje forskjellig innan song og musikkteater. Det vert korsong, songteknikk og regi, teaterleik, innøving av kjende musikalscener, teatersport og meir. Vi har mange flinke instruktørar og skal sørge for at alle har det kjekt og lærer seg noko nytt.

Dans

På dansekurs får du prøve deg på ulike stilartar innan dans. I tillegg blir det rørsleleik og mykje anna kjekt med flinke instruktørar.

Rekvisitt- og kostymeverkstad

Har du nokon gong lurt på korleis ein lagar alt det flotte ein har på ei scene? Rekvisittar er ting som skal brukast på scena i teater eller opera, og på dette kurset får du prøve deg på å lage noko av dette. Du vil arbeide på prosjekt saman med andre, og kanskje aleine om ditt heilt eige. Dersom du er kreativ og glad i å arbeide med hendene, bygge ting, teikne, male eller sy, så passar dette kurset for deg.

Gå til påmelding

Medverkande

Musikkteater-ansvarleg: Michael Pavelich

Michael Pavelich
Musikkteater-ansvarleg

Rekvisittar/Kostyme: Anndi Bergset

Anndi Bergset
Rekvisittar/Kostyme

Pianist: Erlend Os

Erlend Os
Pianist

Musikkteater: Johanne Ilje

Johanne Ilje
Musikkteater

Dans: Asbjørn Hagen

Asbjørn Hagen
Dans

Dans: Thea Mavropoulou

Thea Mavropoulou
Dans

Musikkteater: Ingrid Tykhelle Kayser

Ingrid Tykhelle Kayser
Musikkteater

Musikkteater: Sunniva Honningsvåg

Sunniva Honningsvåg
Musikkteater

Musikkteater: Eline Lillestøl

Eline Lillestøl
Musikkteater

Musikkteater: Martha Standal Pavelich

Martha Standal Pavelich
Musikkteater

Rekvisittar/Kostyme: Adrian Haustveit Kronstad

Adrian Haustveit Kronstad
Rekvisittar/Kostyme