Soga om Sol

Kjøp billett

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Soga om Sol

Ein vaskeekte utvandrarmusikal

Kvar haust sidan 1998 har Opera Nordfjord sett opp opera eller operette på operascena i Nordfjordeid. Dei første 11 åra i Aulaen på Fjordane folkehøgskulen og dei siste 14 åra i Operahuset Nordfjord. Når operaen i 2023 skal feire eit kvart århundre med distriktsopera i Nordfjord, er det med eit tingingsverk frå musikal-duoen Øystein Wiik og Gisle Kverndokk, for mange kjende frå Jorden rundt på 80 dager i 2021. Soga om Sol er ein vaskeekte utvandrarmusikal, der det meste er oppdikta og noko er inspirert av ein spennande eventyrar frå Nordfjordeid.

Når ein endeleg set opp ein nyskriven musikal for "bursdagsbarnet" er det naturleg å velge profesjonelle aktørar som kjem frå eige distrikt. Det er ei glede å presentere Ingrid Tykhelle Kayser frå Nordfjordeid i den eine hovudrolla og dei to ørstingane og ungdomskameratane Eirik Risholm Velle og Kim Helge Strømmen i dei to andre hovudrollene. I tillegg kjem eit omfattande skodespelarlag på scena samansett av både nyutdanna musikalartistar, som har vakse opp i Opera Nordfjord og i skulemusikalane på Eid vidaregåande skule, og godt vaksne skodespelarar, både profesjonelle, semiprofesjonelle og dyktige amatørar.

Det kunstnariske teamet vert klart over nyåret og vert leia av regissør og dirigent Michael Pavelich.

Handlinga er lagt til rundt 1915, og vi møter Emil og Sol, som emigrerer til Amerika for å starte eit nytt liv i New York. Emil blir sendt i krigen som leigesoldat når han endeleg kjem fram som ship jumper, og den talentfulle songaren Sol vert med i eit Side-show, der menneske som elles ville vere utstøytte frå samfunnet har funne saman i teaterfamilien med sine talent, utfordringar og von om eit betre liv.

Musikalen har premiere i Operahuset Nordfjord onsdag 4. oktober, og det vert til saman 8 framsyningar i vekene 40 og 41.

Billettsalet har opna.

Medverkande

Regissør/Dirigent: Michael Pavelich

Michael Pavelich
Regissør/Dirigent

i rolla som: Ingrid Tykhelle Kayser

Ingrid Tykhelle Kayser
i rolla som
Sol

i rolla som: Eirik Risholm Velle

Eirik Risholm Velle
i rolla som
Emil

i rolla som: Kim Helge Strømmen

Kim Helge Strømmen
i rolla som
Danny