Reisa til Julestjerna

Kjøp billett

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Reisa til Julestjerna

Eit eventyrleg musikkteater for heile familien

Endeleg kjem den store publikumssuksessen Reisa til Julestjerna til Operahuset Nordfjord, når Opera Nordfjord set opp denne folkekjære klassikaren frå 1924 i slutten av november.

Reisa til Julestjerna (originaltittel: Reisen til Julestjernen) er eit norsk skodespel av Sverre Brandt frå 1924, oppført første gong 2. juledag 1924 på Nationaltheatret i Oslo.

Stykket har rekord i antall forestillingar på Nationaltheatret – allereie i januar 1962 vart stykket oppført for 500. gang. Brandt brukte julesangen «Glade jul, hellige jul» som motiv, og det er Johan Halvorsen som har skrive musikken til stykket.

Opera Nordfjord er særs stolt over å ha fått rettane til dette vakre eventyrteateret, som passar for heile familien, frå dei aller minste til dei aller eldste.

På rollelista står det både vaksne og born, og sjølvsagt Sonja, som er hovudpersonen på leiting etter Julestjerna. I tillegg skal unge dansarar frå Kulturskulen i Eid spele både nisseborn, snøfnugg og englar.

Michael Pavelich er regissør og dirigent, Candice Bredesen skal ha koreografiansvar, Anndi Bergset skal utforme scenografien og Ovar Holmen er lysmeister. Heile framsyninga vert driven fram av vakker, klassisk orkestermusikk, framført av 15 profesjonelle musikarar i orkestergrava.

Rollene er fylte av songarar og skodespelarar med lokal forankring, både profesjonelle og amatørar: Sol Brendefur frå Hornindal (Sonja), Erlend Gjul frå Askvoll (Kongen), Helga Botn frå Austefjorden (Heksa), Simon Standal Pavelich frå Nordfjordeid (Ole), Solveig Othilie Skare frå Volda (Petrine),  Asbjørn Hagen frå Nordfjordeid (Greven), Roy Aron Myklebust frå Stryn (Nissefar),  Eirik Risholm Velle frå Ørsta (Magisteren), Åsaliv Røgeberg frå Gloppen (Heksedottera), Tuva Nyhammer-Taklo frå Nordfjordeid (Songfugl) og Bård Stian Dalseth frå Nordfjordeid (Julemannen). I tillegg kjem fleire andre mindre roller som utgjer både røvarar, stjernetydarar og hoffet til kongen.

Reisa til Julestjerna er ei klassisk eventyrfortelling, der den onde greven prøver å forhindre at den uskuldige og godhjarta Sonja,som heilt uvitande er prinsesse Gulltopp, skal komme heim til den snille faren sin, sjølvaste kongen. Han har ulukkeleg leita etter og venta på si kjære dotter sidan ho forsvann som lita jente. På si leiting etter Julestjerna møter Sonja både Heksa, Greven, Nissefar, Julemannen, Nordavinden, dei snille fuglane og ei gammal kone med ei dotter som frys, til ho møter Sonja, som gir henne ullvesten sin. På Slottet er det Ole og Petrine som på humoristisk vis støttar kongen så godt dei kan, og som sjølvsagt held eit ekstra auge på den onde greven….

Korleis det går til slutt, får ein vite den siste helga i november. Billettsalet har opna, og med eit avgrensa antal plassar tilgjengeleg, kan det lønne seg å sikre seg billettar allereie no. 

Medverkande

Regissør: Michael Pavelich

Michael Pavelich
Regissør

Koreograf: Candice Bredesen

Candice Bredesen
Koreograf

Scenograf: Anndi Bergset

Anndi Bergset
Scenograf

Lysmeister: Ovar Holmen

Ovar Holmen
Lysmeister

i rolla som: Sol Alme Brendefur

Sol Alme Brendefur
i rolla som
Sonja

i rolla som: Erlend Ona Gjul

Erlend Ona Gjul
i rolla som
Kongen

i rolla som: Simon Standal Pavelich

Simon Standal Pavelich
i rolla som
Ole

i rolla som: Solveig Othilie Skare

Solveig Othilie Skare
i rolla som
Petrine

i rolla som: Asbjørn Hagen

Asbjørn Hagen
i rolla som
Greven

i rolla som: Helga Botn

Helga Botn
i rolla som
Heksa

i rolla som: Eirik Risholm Velle

Eirik Risholm Velle
i rolla som
Magisteren

i rolla som: Roy Aron Myklebust

Roy Aron Myklebust
i rolla som
Nissefar

i rolla som: Åsaliv Røgeberg

Åsaliv Røgeberg
i rolla som
Heksedottera

i rolla som: Tuva Nyhammer-Taklo

Tuva Nyhammer-Taklo
i rolla som
Songfugl

i rolla som: Bård Stian Dalseth

Bård Stian Dalseth
i rolla som
Julemannen