Den store julekonserten

Kjøp billett

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Den store julekonserten

Frå White Christmas til norske julefavorittar

Etter suksessen med Den store julekonserten i 2019 er det ei stor glede å igjen kunne innby til musikalsk julestemning i Operahuset Nordfjord den første helga i desember!

Repertoaret spenner frå svingande, amerikanske julefavorittar til kjende og kjære julesongar frå den norske musikkskatten og vakre, engelske carols.

Solisten vår er operasongaren Beate Mordal frå Molde, som for tida gjer stor suksess på dei franske operascenene. Ho er utdanna songar frå både NTNU i Trondheim og frå Operaakademiet  ved det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København. Beate er ein svært allsidig songar, som like gjerne syng jazz som lieder, musikkteater og opera. Før ho kjem til oss i desember, får vi oppleve henne som Judy i hovudproduksjonen vår til hausten, i Jorden rundt på 80 dager av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk.

Som tonefølgje kan vi by på vårt profesjonelle operaorkester og eit samansett operakor frå heile distriktet, leia av dirigent og kunstnarisk leiar i Opera Nordfjord, Michael Pavelich.

Medverkande

Kunstnarisk ansvarleg: Michael Pavelich

Michael Pavelich
Kunstnarisk ansvarleg

Solist: Beate Mordal

Beate Mordal
Solist

Solist: Alexander Pavelich

Alexander Pavelich
Solist