Heim
Sommarskule med Opera Nordfjord

Billettar

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Sommarskule med Opera Nordfjord

Likar du å synge, danse og spele teater? Bli med på sommarskulen vår!

Opera Nordfjord inviterer born og unge til å delta på sommarskule 24.-29. juli 2023. Vi har arrangert sommarskule kvar sommar sidan 2021 og veit at dette pleier å vere veldig kjekt, spennande og lærerikt.

Påmeldinga er open og vi tek inn fortløpande så lenge det er plass. Her er det førstemann til mølla. Siste frist for påmelding er 1. mai 2023.

Instruktørane er unge, profesjonelle dansarar og musikalartistar frå regionen. Alle har «vakse opp med» Opera Nordfjord, vore med på mange produksjonar, og dei fleste har også vore med som instruktørar på sommarskulen tidlegare. Dei gler seg veldig til å ha ei heil veke til å ha det kjekt på scena saman med alle deltakarane!

Årets instruktørar er:

Sunniva Honningsvåg, Martha Standal Pavelich, Runa Bergem, Håkon Bøen, Asbjørn Hagen, Eline Jacobsen Lillestøl, Ingrid Tykhelle Kayser og Thea Bjørhovde Mavroupoulou.

Om sommarskulen

På sommarskulen til Opera Nordfjord kan du velge om du vil melde deg på kurs i dans eller kurs i musikkteater.

Kurset i dans er for dei som er ekstra interesserte og glade i å danse. Her blir det fokusert mest på dans og danseteknikk.

Kurset i musikkteater vil fokusere både på song, dans og teater. Anten du er glad i alle desse aktivitetane, eller likar best ein av dei, kjem du til å ha det veldig kjekt med alle dei flinke instruktørane

Innimellom song, dans og teater vert det sjølvsagt tid til leik og moro på begge kursa.

Du melder deg på eitt av kursa, som er det du skal halde på med heile veka. Det er ikkje mogleg å melde seg på meir enn eitt av kursa, eller bytte gruppe i løpet av veka.

Du er akkurat like velkommen på sommarskulen om du har heldt på lenge, eller om du aldri har vore med før! Det som er viktig, er at du har lyst til å prøve, og lyst til å bruke ei veke på å jobbe med det du melder deg på. Skriv gjerne i søknaden kva du har erfaring frå tidlegare, eller om du er nybegynnar, slik at vi kan legge til rette så godt som mogleg til kvar og ein. 

Sommarskulen varer frå måndag 24. juli til laurdag 26. juli. Vi møtast klokka 10:00 kvar dag og avsluttar kl 15:00. På laurdagen har vi avslutningsdag og ei framsyning for familie og vener der vi viser fram litt av det vi har arbeidd med i løpet av veka.

Sommarskulen er heilt gratis og åpen for alle som er fødde frå 2007 – 2013.

Nedanfor står det litt meir om kursa. Det er avgrensa tal plassar på kart kurs, og dei som melder seg på først, får plassen.

Musikkteater

Musikkteater er det same som musikal, og vi skal fokusere på alt det ein gjer på scena i denne sjangeren. Det vert altså både song, dans og skodespel på dette kurset. Det vert korsong, songteknikk, skodespel og teaterleik, dans og teatersport og songar frå kjende musikalar, med meir. Vi har mange flinke instruktørar som sørger for at alle har det kjekt og lærer seg noko nytt.

Dans

På dansekurs får du prøvd deg på ulike stilartar innan dans, og kan fordjupe deg i dans med veldig flinke lærarar.

GÅ TIL PÅMELDING

Medverkande

Asbjørn Hagen

Asbjørn Hagen

Eline Jacobsen Lillestøl

Eline Jacobsen Lillestøl

Sunniva Honningsvåg

Sunniva Honningsvåg

Martha Standal Pavelich

Martha Standal Pavelich

Runa Solbakken Bergem

Runa Solbakken Bergem

Håkon Bøen

Håkon Bøen

Thea Bjørhovde Mavropoulou

Thea Bjørhovde Mavropoulou

Ingrid Tykhelle Kayser

Ingrid Tykhelle Kayser