Heim
Snøsystera

Billettar

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Snøsystera

Snøsystera som familieopera

Vi er utruleg stolte over at vi har inngått eit samarbeid med Malmö Opera, som i desember hadde urpremiere på den nyskrivne kammer- og familieoperaen Snösystern av Magnus Johansson og Anna Berg, basert på den kjende og kjære barneboka Snøsøsteren av Maja Lunde og med illustrasjonar av Lisa Aisato. No skal Opera Nordfjord ha noregspremieren på denne vakre, litt triste, men veldig hjartevarme familieoperaen. 

Det kunstnariske teamet er det same som i den opprinnelege premieren ved Malmö Opera: regissør Linda Mallik, scenograf/kostymedesignar Karin Betz, lysdesignar Johanna Svensson, projektør Johannes Ferm Winkler og koreograf Sara Ekman.

På scena møter vi fem operasongarar og tre musikarar. Dei to hovudrollene som Julian og Hedvig vert spelte av den svenske tenoren Conny Thimander og den norske sopranen Kine Sandtrø. I tillegg får publikum møte Trond Gudevold som faren og Gubben og Mari Askvik som mora. Lillesystera Augusta og Snøsystera vert spelt av den unge og lovande sopranen Violetta Peschanskaya frå Oslo.

Vi vonar at denne rørande fortellinga om Julian og Hedvig skal fylle operahuset den første helga i desember og samle «heile slekta», frå dei yngste til dei aller eldste publikummarane – velkomen til ei framsyning for heile familien som heilt sikkert kjem til å røre ved hjarta!

Samandrag

I operaen Snøsystera møter vi Julian, som sørger over tapet av si kjære storesyster Juni. Foreldra kjem seg knapt gjennom kvardagen og har ikkje ork til å tenke på julepynt og julefeiring midt i sorga. Den nye, blide og morosamme venninna Hedvig gir Julian nytt håp og ei ny glede i kvardagen og hjelper han og lillesystera Augusta til å ta jula tilbake. Men kven er eigentleg Hedvig? 

Medverkande

Magnus JohanssonMusikk