Heim
Reisa til Julestjerna

Billettar

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Reisa til Julestjerna

Eit eventyrleg musikkteater for heile familien

Endeleg kjem den store publikumssuksessen Reisa til Julestjerna til Operahuset Nordfjord, når Opera Nordfjord set opp denne folkekjære klassikaren frå 1924 i slutten av november.

Reisa til Julestjerna (originaltittel: Reisen til Julestjernen) er eit norsk skodespel av Sverre Brandt frå 1924, oppført første gong 2. juledag 1924 på Nationaltheatret i Oslo.

Stykket har rekord i antall forestillingar på Nationaltheatret – allereie i januar 1962 vart stykket oppført for 500. gang. Brandt brukte julesangen «Glade jul, hellige jul» som motiv, og det er Johan Halvorsen som har skrive musikken til stykket.

Opera Nordfjord er særs stolt over å ha fått rettane til dette vakre eventyrteateret, som passar for heile familien, frå dei aller minste til dei aller eldste.

På rollelista står det både vaksne og born, og sjølvsagt Sonja, som er hovudpersonen på leiting etter Julestjerna. I tillegg skal unge dansarar frå Kulturskulen i Eid spele både nisseborn, snøfnugg og englar.

Michael Pavelich er regissør og dirigent, Candice Bredesen skal ha koreografiansvar, Anndi Bergset skal utforme scenografien og Ovar Holmen er lysmeister. Heile framsyninga vert driven fram av vakker, klassisk orkestermusikk, framført av 15 profesjonelle musikarar i orkestergrava.

Rollene er fylte av songarar og skodespelarar med lokal forankring, både profesjonelle og amatørar: Sol Brendefur frå Hornindal (Sonja), Erlend Gjul frå Askvoll (Kongen), Helga Botn frå Austefjorden (Heksa), Simon Standal Pavelich frå Nordfjordeid (Ole), Solveig Othilie Skare frå Volda (Petrine),  Asbjørn Hagen frå Nordfjordeid (Greven), Roy Aron Myklebust frå Stryn (Nissefar),  Eirik Risholm Velle frå Ørsta (Magisteren), Åsaliv Røgeberg frå Gloppen (Heksedottera), Tuva Nyhammer-Taklo frå Nordfjordeid (Songfugl) og Bård Stian Dalseth frå Nordfjordeid (Julemannen). I tillegg kjem fleire andre mindre roller som utgjer både røvarar, stjernetydarar og hoffet til kongen.

Reisa til Julestjerna er ei klassisk eventyrfortelling, der den onde greven prøver å forhindre at den uskuldige og godhjarta Sonja,som heilt uvitande er prinsesse Gulltopp, skal komme heim til den snille faren sin, sjølvaste kongen. Han har ulukkeleg leita etter og venta på si kjære dotter sidan ho forsvann som lita jente. På si leiting etter Julestjerna møter Sonja både Heksa, Greven, Nissefar, Julemannen, Nordavinden, dei snille fuglane og ei gammal kone med ei dotter som frys, til ho møter Sonja, som gir henne ullvesten sin. På Slottet er det Ole og Petrine som på humoristisk vis støttar kongen så godt dei kan, og som sjølvsagt held eit ekstra auge på den onde greven….

Korleis det går til slutt, får ein vite den siste helga i november. Billettsalet har opna, og med eit avgrensa antal plassar tilgjengeleg, kan det lønne seg å sikre seg billettar allereie no. 

Medverkande

Michael Pavelich

Michael PavelichDirigent/Regissør

Candice Bredesen

Candice BredesenKoreograf

Anndi Bergset

Anndi BergsetScenograf

Ovar Holmen

Ovar HolmenLysmeister

Sol Alme Brendefur

Sol Alme Brendefuri rolla somSonja

Erlend Ona Gjul

Erlend Ona Gjuli rolla somKongen

Simon Standal Pavelich

Simon Standal Pavelichi rolla somOle

Solveig Othilie Skare

Solveig Othilie Skarei rolla somPetrine

Asbjørn Hagen

Asbjørn Hageni rolla somGreven

Helga Botn

Helga Botni rolla somHeksa

Eirik Risholm Velle

Eirik Risholm Vellei rolla somMagisteren og Julemannen

Roy Aron Myklebust

Roy Aron Myklebusti rolla somNissefar

Åsaliv Røgeberg

Åsaliv Røgebergi rolla somHeksedottera

Tuva Nyhammer-Taklo

Tuva Nyhammer-Taklo i rolla somSongfugl