Heim
Operagallaturné

Billettar

Førdehuset Operahuset Nordfjord Fosnavåg konserthus

Operagallaturné

Velkomen til klassisk operagallaturné i april

Opera Nordfjord skal endeleg ut på vegane igjen, med ny operagallaturné i april med konsertar i palmehelga i veke 14. Det er 15 år sidan det sist operaen inviterte til operagalla med kjende og kjære operaperler, og orkester og solistar gler seg til å framføre dei vakraste favorittane i eit breitt utval.  Det vert gjensyn med Margrethe Strømmen Fredheim, som mange hugsar som Mimi i La Bohème i 2018, og tenoren Bror Magnus Tødenes frå Eiksund på Sunnmøre er kjent for mange, etter opptredenar på TV med KORK. Margrethe er i dag fast tilsett som solist ved Theater Kassel i Tyskland og har tidlegare arbeidd for Opera Erfurt og hatt oppdrag for Glyndebourne Festival. Bror Magnus har hatt ei rask karriere og ha m.a. vunne Tebaldi-konkurransen og har gjort store roller både ved utanlandske operahus, Den Norske Opera & Ballett, Bergen Nasjonale Opera og Festspillene i Bergen.

Av repertoaret kan vi røpe utdrag frå Die Meistersinger von Nürnberg, Tannhäuser, Pagliacci, Cavalleria rusticana, La Bohème, Notre Dame, La Wally, Turandot, Rusalka, Macbeth, Tosca og Madama Butterfly.

Det er berre å begynne å gle seg til sprudlande overtürer, dei vakraste ariane og tidenes kjærleiksduettar! 

Spelestader vert Førdehuset fredag 8. april, Operahuset Nordfjord laurdag 9. april og Fosnavåg konserthus søndag 10. april.

Billettsalet har opna for alle tre spelestadene – velkomen til konsert!

Medverkande

Margrethe Fredheim

Margrethe FredheimSopran

Bror Magnus Tødenes

Bror Magnus TødenesTenor

Michael Pavelich

Michael PavelichDirigent