Heim
Musikkteaterskule i vinterferien

Musikkteaterskule i vinterferien

Opera Nordfjord ønsker barn og ungdom velkommen til gratis musikkteaterskule i vinterferien!

Skulen byrjar måndag 19. februar og varer til torsdag 22. februar. Vi skal vere på Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid, adressa er Skulevegen 32, 6770 Nordfjordeid. Her har vi god plass til å boltre oss! 

På musikkteaterskulen har vi to grupper, ei for dei som går i 5.-7. klasse, og ei for dei som går i 8.-10. klasse og 1.-3.VGS. Skulen er open og gratis for alle, uansett kva kommune du bur i til vanleg! For den yngste gruppa, fødde 2011-2013 varer musikkteaterskulen frå 10:00-15:00 kvar dag. Her blir det kjekke koreografiar, teaterleik, song og alt det vi pleier å gjere med dei flinke instruktørane våre.

Den eldste gruppa, fødde 2005-2010 har ein litt lenger dag. Det blir musikkteaterskule for denne gruppa frå 10:00-17:00 kvar dag, og i tillegg til våre faste instruktørar har vi fått med Sam Hiller frå England som instruktør her. Sam Hiller er skodespelar og regissør og har sjølv både spelt i og regissert kjende musikalar på West End i London. Vi er kjempeglade for at han vil komme til oss, og trur dette blir heilt supert! Sam snakkar ikkje norsk, så noko av instruksjonen og materialet de jobbar med vil vere på engelsk. Det vert alltid med minst ein av dei andre instruktørane, så dersom det er vanskeleg å forstå engelsk eller ein treng hjelp så ordnar dei andre instruktørane opp.

Musikkteaterskulen i vinterferien bygger på samme prinsipp som sommarskulen, som vi har arrangert sidan 2021. Vi skal ha det kjekt, lære masse, få nye venner og kose oss på scena! Alle som melder seg på musikkteaterskulen får lære, leike og utfalde seg både med dans, song og skodespel.

Instruktørar på Musikkteaterskulen denne gongen er: Sam Hiller, Ingrid Tykhelle Kayser, Asbjørn Hagen, Eline Jacobsen Lillestøl, Martha Standal Pavelich, Sunniva Honningsvåg og Runa Bergem.

Du er akkurat like velkommen på musikkteaterskulen om du har heldt på med song, dans eller teater lenge, eller om du aldri har prøvd før. Så lenge du er interessert og har lyst til å bruke vinterferien til å lære song, dans og teater skal vi få det veldig kjekt i lag. Skriv gjerne i påmeldingsskjemaet om du har erfaring eller ikkje, så vi kan tilrettelegge så godt som mogleg for kvar og ein.

Musikkteaterskulen for dei fødde mellom 2011-2013 er på Fjordane Folkehøgskule i perioden måndag 19. til torsdag 22. februar, klokka 10:00-15:00.

Musikkteaterskulen for dei fødde mellom 2005-2010 er på Fjordane Folkehøgskule i perioden måndag 19. til torsdag 22. februar, klokka 10:00-17:00.

Vi et felles lunsj alle dagar, og deltakarane må sjølve ha med niste. Vi anbefaler å stille i behagelege klede som det er lett å bevege seg i, og å vere sikre på at ein har nok mat og drikke med seg til at ein klarer seg heile dagen. Deltakarane møter opp og hentast på Fjordane Folkehøgskule kvar dag.

Vi ønsker deg hjarteleg velkommen til kjekke og lærerike dagar i lag!

NB! Hugs å dobbeltsjekke e-postadressa i påmeldinga! Viss den ikkje er rett får du kanskje ikkje e-post frå oss. Om påmeldinga har gått i orden vil du ganske umiddelbart motta ein epost om at du er påmeld. Får du ikkje denne, sjekk først søppelpost og om du ikkje finn noko der heller, kan du ta kontakt med Ine på ine@operanordfjord.no. For å vere sikker på at vi får tak i deg dersom det er noko, ber vi om at du skriv inn både e-postadresse og telefonnummer når du melder på.

Hugs også å sjekke at fødselsdatoen blir rett i påmeldingsskjemaet!

PÅMELDING

Medverkande

Sam Hiller

Sam HillerInstruktør

Ingrid Tykhelle Kayser

Ingrid Tykhelle KayserInstruktør

Asbjørn Hagen

Asbjørn HagenInstruktør

Eline Jacobsen Lillestøl

Eline Jacobsen LillestølInstruktør

Martha Standal Pavelich

Martha Standal PavelichInstruktør

Sunniva Honningsvåg

Sunniva HonningsvågInstruktør

Runa Solbakken Bergem

Runa Solbakken BergemInstruktør