Heim
Maskeballet

Billettar

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Maskeballet

Opera i 3 akter av Giuseppe Verdi - i samarbeid med Den Norske Opera & Ballett

Maskeballet av Verdi er Opera Nordfjord sin hovudproduksjon i haust.  Denne gongen har Opera Nordfjord eit spennande samarbeid med Den Norske Opera & Ballett, som sender eit lag med medarbeidarar innan kulissar, rekvisittar, kostyme, lys og maske. I lag med den lokale staben har ein fått ein spennande produksjon.

 

Maskeballet av Verdi vart skriven i 1859 og er basert på Gustave III ou Le Bal Masqué av Eugène Scribe, som igjen er basert på mordet på den svenske kong Gustav 3 i Stockholmsoperaen i 1792. Operaen har forskjellige versjonar på grunn av sensuren på den tida den vart skriven i. Den opprinnelege versjonen handla om mordet på kong Gustav 3. I den amerikaniserte versjonen vart handlinga lagt til Boston på 1600-talet, og persongalleriet vart bytta ut på grunn av sensuren i fleire land; det var sterk motstand mot å setje opp eit kongemord på scena. Verdi sjølv la likevel aldri handlinga i operaen tilbake til Europa seinare i livet, då han hadde høve til det.

Først eit stykke ut i det 20. århundre vart den teken i bruk igjen. I dag er den opprinnelege versjonen den mest spelte.

Samarbeidet om Maskeballet vert ei flott utveksling av erfaringar mellom Nasjonaloperaen og distriktsoperaen på Nordfjordeid. Opera Nordfjord sine frivillige medarbeidarar ser fram til å samarbeide med ekspertisen frå Bjørvika og få ny lærdom og kompetanse gjennom inspirerande  samarbeid over fleire veker.

SJÅ VIDEO HER

Opera Nordfjord kan by på eit imponerande solistlag, med ei fin blanding av solistar frå tidlegare oppsettingar og nye gjestar. Rolla som Kong Gustav vert delt av tenorane Henrik Engelsviken og Thomas Ruud. Øvrige solistar vert Birgitte Christensen som Amelia, Lina Johnson som Otto, Ole Jørgen Kristiansen som Grev Holberg, Ingunn Kilen som Mamsell Arfvidsson, Carsten Stabell som Grev Horn, Odd Grundt som Kaptein Anckarstrøm, Magnus Dorholt Kjeldal som Båtsmann Mads og Jan Erik Fillan er både biskop og tenar . Regissør er Ronald Rørvik,  og musikalsk leiar Michael Pavelich.

Maskeballet er historia om kong Gustav 3 av Sverige, som vart skoten og drepen på sitt eige maskeball i Stockholmsoperaen i 1792. Koret får ei framtredande rolle med mange flotte korparti, lokale ballettdansarar opptrer med elegant dans,  og tidsriktige og forseggjorde kostyme og fargerik scenografi skaper vakre scenebilete.

 

HANDLINGA

av Ann-Margret Petterson

 AKT 1:1

Stockholms slott den 15. mars 1792. Medlemmar frå hoffet er til stades når Kong Gustaf III vaknar og kler seg for ein ny dag. Blant dei nære medarbeidarane  finnast ei lita gruppe med menn, leia av Horn og Anckarström,  som planlegg å drepe kongen. Når kammerpasjen Otto presenterer gjestelista til det føreståande Maskeballet, får kongen auge på Amelia sitt namn, og han drøymer seg vekk. Grev Holberg, som kjenner til mordplanane, prøver å overtale kongen til ikkje å delta på ballet, men han høyrer ikkje på han. Biskopen kjem inn og legg fram si sak, som gjeld spåkvinna Mamsell Arfvidsson. Han vil at ho skal visast ut av landet. Saman med pasjen avfeier han biskopen og får i staden idèen om at hoffet skal vitje spåkvinna same ettermiddag.

1:2

Hos Mamsell Arfvidsson pågår ein seanse. Matrosen Matts vert spådd, og spådomen vert nesten oppfylld, takka vere kongen, som er forkledd som sjømann.  Amelia kjem i løyndom for å få hjelp til å overvinne ein forboden kjærleik. Gustaf vert rørt av kjenslene ho skildrar, og frå sitt skjul lyttar han til spåkvinna sitt råd. Like etterpå kjem herrane frå hoffet inn, og kongen underheld forsamlinga med ei munter sjømannsvise. Stemninga snur raskt, då mamsell Arfvidsson motvillig spår hans død. Horn og Anckarström er redde for å bli avslørte, men heldigvis for dei, kjem Holberg inn og røpar kongen si forkledning. Folkemengda syng kongen sin pris.

AKT 2:1

Einsam på galgebakken, rundt midnatt, er Amelia ute og plukkar urten, slik spåkvinna har sagt. Den kan hjelpe henne å gløyme og lege hennar hjartesorg. Ho vert overraska av Gustaf, som fortel om sin kjærleik til henne. Etter ein fortvila kamp med sitt eige samvit, erklærer også Amelia at ho har sterke kjensler for han.  Dei vert forstyrra av Holberg, som veit at dei samansvorne, Horn og Anckarström, er på veg for å utføre sin udåd. Han lukkast i å få kongen til å flykte frå staden, då han har lova å få den forkledde dama i sikkerheit. Dei når ikkje å komme unna, før dei vert omringa av Horn, Anckarström og dei andre samansvorne. Dei vert skuffa då dei i staden for kongen finn hans beste ven. Dei tvingar Amelia til å fjerne sløret. Totalt lamslått ved synet av si hustru og utledd av alle, ber Holberg begge konspiratørene om å innfinne seg i hans hus neste morgon.

2:2

Etter eit heftig oppgjer mellom Amelia og Holberg, kjem Horn og Anckarstrøm som avtalt til møtet. Holberg tilbyr seg å ta del i samansverginga mot kongen. Amelia vert tvinga til å utføre loddtrekkinga om kven som skal drepe kongen. Holberg, mannen hennar, får oppdraget med å utføre mordet. Grevinna prøver å finne ein plan for å varsle kongen, når pasjen kjem for å minne dei på maskeballet.

AKT 3:1

I sitt private kammer på operaen bekymrer det Gustaf at Holberg ikkje har innfunne seg og rapportert om hendingane gjennom natta. Han innser at hans kjærleik til Amelie ikkje har noko framtid, og for at bruddet mellom dei skal  bli ugjenkalleleg, utnemner han Holberg til ein prestisjestilling i Finland. Pasjen overleverer ei melding som varslsar om attentatet, men kongen bryr seg ikkje og gir seg i veg til ballet. 

3:2

Horn og Anckarstrøm spanar etter sitt offer blant gjestane, og det snører seg til for Gustaf når Holberg klarer å få Otto til å avsløre forkledninga til Gustaf. I mellomtida tryglar Amelia kongen om å redde seg, men når dei tek avskil med kvarandre for alltid, nærmar mordarane seg. Eit sekund med tvil hos Holberg gjer at Anckarström avfyrer det dødelege skotet. Gustaf tilgjev mordarane og tek farvel med sitt folk og sitt land.

 

images/oppsettingar/maskeballet_logo_kvit.svg

Medverkande

Michael Pavelich

Michael PavelichMusikalsk leiar

Ronald Rørvik

Ronald RørvikRegiansvarleg

Ann-Margret Petterson

Ann-Margret PettersonRegissør

Hans Åke Sjöquist

Hans Åke SjöquistLysdesignar

Bo-Ruben Hedwall

Bo-Ruben HedwallScenograf/Kostymedesignar

Toni Herlofson

Toni HerlofsonKoreograf/Regiassistent

Henrik Engelsviken

Henrik EngelsvikenTenorGustav III

Thomas Ruud

Thomas RuudTenorGustav III

Birgitte Christensen

Birgitte ChristensenSopranAmelia

Ole Jørgen Kristiansen

Ole Jørgen KristiansenBarytonGrev Holberg

Lina Johnson

Lina JohnsonSopranOtto

Ingunn Kilen

Ingunn KilenMezzo-SopranMamsell Arfvidsson

Carsten Stabell

Carsten StabellBassGrev Horn

Odd Grundt

Odd GrundtBassKaptein Anckarstrøm

Magnus Dorholt Kjeldal

Magnus Dorholt KjeldalBarytonBåtsmann Mads

Jan Erik Fillan

Jan Erik FillanTenorBiskop/Tenar