Heim
La Traviata

Billettar

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

La Traviata

Opplev meisterverket igjen

Når dei skjøre og vakre tonane i overtüren til La Traviata fyller sansane og smyg seg  under huda på premieredagen 28. september 2022, er det snart 23 år sidan sist ein kunne høyre dei same tonane frå operaorkesteret på Nordfjordeid. Igjen skal vi få møte den skjønne Violetta og følgje den intense, men forbodne kjærleiken mellom henne og Alfredo. Det vert opera på liv og død når Verdi sitt store meisterverk igjen skal komme til liv i regi av Opera Nordfjord, denne gongen med Arne Fagerholt som regissør og koreograf. Han har med seg Trude Amalie Leirpoll som regiassistent.

I hovudrollene møter vi sopranen Lydia Hoen Tjore som Violetta, Erlend Tvinnereim som Alfredo og Trond Halstein Moe som Germont, far til Alfredo. I dei andre rollene møter vi mellom anna Elisabeth Gimmestad frå Gloppen som Annina, Nora Oleanne Sårheim frå Florø som Flora, Eivind Kandal frå Gloppen som Gastone, Trond Gudevold som Doktor Grenvil og Øystein Skre som Baron Duphol. I tillegg kjem ei rekkje mindre roller som vert fylte av lokale heltar. Operakoret er på plass i dei store festscenene – det er duka for feststemning, når kormeister og dirigent Michael Pavelich leier kor og orkester i ein forrykande Brindisi!

Scenograf Yngvar Julin og kostymedesignar Nora Furuholmen skal saman med lysmeister Ovar Holmen, tilskjerar Anne Gotaas, maskør Maren Togstad og rekvisitør Anndi Bergset og skape eit elegant og fargerikt scenebilete og fantasifulle kostyme, som garantert vert ein fryd for auget.

Opera Nordfjord lovar sitt publikum ei magisk, meingingsfull og rørande operaoppleving, løfta fram av den vakraste operamusikken som tenkast kan… velkomen til ein ny og annleis La Traviata.

LES PROGRAMHEFTE

Medverkande

Arne Fagerholt

Arne FagerholtRegissør/Koreograf

Michael Pavelich

Michael PavelichMusikalsk leiar/Kormeister

Lydia Hoen Tjore

Lydia Hoen Tjorei rolla somVioletta

Erlend Tvinnereim

Erlend Tvinnereimi rolla somAlfredo

Trond Halstein Moe

Trond Halstein Moei rolla somGermont

Elisabeth Gimmestad

Elisabeth Gimmestadi rolla somAnnina

Nora Oleanne Sårheim

Nora Oleanne Sårheimi rolla somFlora

Eivind Kandal

Eivind Kandali rolla somGastone

Trond Gudevold

Trond Gudevoldi rolla somDoktor Grenvil

Øystein Skre

Øystein Skrei rolla somBaron Douphol

Yngvar Julin

Yngvar JulinScenograf

Nora Furuholmen

Nora FuruholmenKostymedesignar

Ovar Holmen

Ovar HolmenLysmeister

Maren Togstad

Maren TogstadMaskør

Anndi Bergset

Anndi BergsetRekvisitør

Anne Gotaas

Anne GotaasTilskjerar

Trude Amalie Leirpoll

Trude Amalie LeirpollRegiassistent

Håkon Bøen

Håkon BøenDansar

Ingrid Tykhelle Kayser

Ingrid Tykhelle KayserDansar

Martha Standal Pavelich

Martha Standal PavelichDansar

Mattis Johannessen

Mattis JohannessenDansar

Megan O`Hara

Megan O`HaraDansar

Runa Solbakken Bergem

Runa Solbakken BergemDansar

Simon Standal Pavelich

Simon Standal PavelichDansar

Sindre Fløistad

Sindre FløistadDansar

Thea Bjørhovde Mavropoulou

Thea Bjørhovde MavropoulouDansar

Tuva Nyhammer-Taklo

Tuva Nyhammer-Taklo Dansar