Heim
Hans og Grete

Billettar

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Hans og Grete

Vakkert, skummelt og morosamt

Billettsalet er i gang for den vakre, skumle, sjarmerande, morosame og gripande operaen Hans og Grete, etter Brødrene Grimm sitt eventyr. Her er garantert noko for ein kvar smak: først og fremst storslagen, romantisk musikk, dernest folkelege barnesongar vi kanskje har høyrt før, himmelsk ballettmusikk når dei fjorten englane kjem ned og vakar over borna i skogen, ei skikkeleg fæl heks i eit pepparkakehus i skogen og framfor alt: modige born.

Operaen er både ein fullskala opera for vaksne, med "moden" musikk, men òg ein spennande opera for barn. Så her kan heile familien gå saman, sjølv om det nok kan bli litt for skummelt for dei aller yngste borna.

Det kunstnariske teamet består av regissør Jeff Pedersen frå USA/Stongfjorden, kunstnarisk og musikalsk leiar Michael Pavelich,  scenograf og kostymedesignar Åse Hegrenes, lysdesignar Marianne Thallaug Wedset, regiassistent Gareth Taylor, koreograf Candice Bredesen, maskør Ingunn Schumann Mosand og rekvisitør Anndi Bergset. Inspisient er Sofia Berg og repetitørar er Andreas Løken Taklo og Tone Støylen Holgersson.

Hans og Grete hadde verdspremiere i Weimar i Tyskland Lille Julaftan 1893, dirigert av sjølvaste Richard Strauss, og operaen vart straks ein publikumssuksess for både vaksne og born.  Operaen er av dei kjæraste og meste spelte i operalitteraturen, og no er turen komen til Opera Nordfjord. Vi har ønskt å setje opp dennne operaen sidan vi starta opp i 1998. Etter 21 år er vi klare og gler oss til premiere onsdag 2. oktober og øvrige framsyningar 3., 5., 6., 8., 9.,11. og 12. oktober.

LAST NED PROGRAMHEFTE

Medverkande

Marika Schultze

Marika Schultzei rolla somHans

Vibeke Kristensen

Vibeke Kristenseni rolla somGrete

Siv Oda Hagerupsen

Siv Oda Hagerupseni rolla somMor Gertrud

Trond Halstein Moe

Trond Halstein Moei rolla somFar Peter

David Fielder

David Fielderi rolla somHeksa

Elisabeth Gimmestad

Elisabeth Gimmestadi rolla somAftenfe/Morgonfe

Michael Pavelich

Michael PavelichMusikalsk leiar

Jeff Pedersen

Jeff PedersenRegissør

Åse Hegrenes

Åse HegrenesScenograf/Kostymedesign

Marianne Wedset

Marianne WedsetLys

Gareth Taylor

Gareth TaylorRegiassistent

Candice Bredesen

Candice BredesenKoreograf

Ingunn Schumann Mosand

Ingunn Schumann MosandMaskør

Anndi Bergset

Anndi BergsetRekvisitør/Scenograf-assistent

Med fleire

Med fleire