Heim
Fargespel Nordfjord

Billettar

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Fargespel Nordfjord

Med kjærleik til folk og land.

Når born, unge og unge vaksne frå 16 nasjonar møtast til den aller første Fargespel Nordfjord-produksjonen i Operahuset Nordfjord, vert det eit fyrverkeri av song, dans og symfonisk speleglede! 

Komponist Helge Sunde frå Stryn har leika seg med ord og tonar, stort sett utan grenser frå oppdragsgjevar Opera Nordfjord. Resultatet er ei spennande blanding av folkemusikk, verdsmusikk, nasjonale skattar og populære ballader, bundne saman til forestillinga "Fargespel Nordfjord - med kjærleik til folk og land". 

Opera Nordfjord har blitt ein del av Fargespill, grunnlagt av Ole Hamre og Sissel Saue og deira gode hjelparar i Bergen, og fargespelarane i Nordfjord er veldig glade for på vere ein del av den store Fargespill-familien, som omfattar grupper i fleire norske og svenske byar.

Det er all grunn til å gle seg til Barnemedley, samansett av songar frå seks forskjellige land, somaliske Qul Qul med heftige danserytmer og fengande refreng,  eller kanskje dukkar det opp både Hip-Hop, Dabke frå Syria, Halling og  Nordfjordspringar? Her kan alt skje, og melodiar og motiv kan dukke opp der du aller minst ventar det.

Over 90 fargespelarar skal stå på scena saman med eit 40-tals profesjonelt operaorkester når teppet går på premieren 5. april og dei øvrige framsyningane 6. og 7. april. Musikalsk leiar er Michael Pavelich, og koreograf Candice Bredesen har det overordna ansvaret for den sceniske presentasjonen.

 Både latter- og tåregaranti følgjer med på inngangsbilletten, og det er stor fare for at danseføtene kjem til å leve sine eigne liv under stolradene gjennom det meste av framsyninga. Forestillinga passar for alle aldrar og er perfekt for familien å oppleve saman, heilt uavhengig av musikalske preferansar. Sjeldan har "noko for einkvar smak" passa betre.

Velkomen! 

Kenneth Iversen

Medverkande

Michael Pavelich

Michael PavelichDirigent

Helge Sunde

Helge SundeKomponist

Candice Bredesen

Candice BredesenKoreograf

Ovar Holmen

Ovar HolmenLysdesignar

Eirik Andreassen

Eirik AndreassenLyd

Thomas Taraldsen

Thomas TaraldsenLyd

Inga Andal

Inga AndalLeiar Vågsøy

Grete Berntzen

Grete BerntzenLeiar Bremanger

Elisabeth Solbakken

Elisabeth SolbakkenLeiar Bremanger

Angy Avendano

Angy AvendanoLeiar Bremanger

Kjersti Rønningen

Kjersti RønningenLeiar Gloppen

Elisabeth Røgeberg

Elisabeth RøgebergLeiar Gloppen

Oline Løvlid

Oline LøvlidLeiar Hornindal

Idar Holen

Idar HolenLeiar Hornindal

Linda Gytri

Linda GytriLeiar Stryn

Bjørg Jorunn Vinsrygg Steen

Bjørg Jorunn Vinsrygg SteenLeiar Stryn

Unn-Elin Carlsen

Unn-Elin CarlsenLeiar Eid

Anne Tykhelle

Anne TykhelleLeiar Eid

Kari Standal Pavelich

Kari Standal PavelichLeiar Eid