Heim
Den store julekonserten

Billettar

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Den store julekonserten

Frå White Christmas til norske julefavorittar

Etter suksessen med Den store julekonserten i 2019, er det ei stor glede for Opera Nordfjord å igjen kunne innby til musikalsk julestemning i Operahuset Nordfjord den første helga i desember, med Beate Mordal og Alexander Standal Pavelich som solistar i samspel med kor og operaorkester leia av Michael Pavelich!

Repertoaret spenner frå svingande, amerikanske julefavorittar og kjende og kjære julesongar frå den norske musikkskatten til vakre, engelske christmas carols.

Sist fekk operaen i spesialskrive eit eige arrangement av Det lyser det stille grender av Helge Sunde. Den vert sjølvsagt å høyre også i år. I tillegg er det tinga endå ein nynorsk julesong frå Helge Sunde, nemleg den vakre Joleklokker over jorda av Anders Hovden og Rikard Nordraak. Elles byr programmet på ein fengande storband-versjon av Musevisa av Jens Wendelboe og eit uvanleg vakkert arrangement av Deilig er jorden av Petter Winroth. Programmet er fullspekka av vakre arrangement av dyktige arrangørar frå vårt eige land, i tilegg til internasjonale klassikarar.

Beate Mordal er fødd og oppvaksen i Molde, der interessa og utdanninga for både jazz og klassisk sang vaks. Ho tok så ein bachelor i Trondheim og ved Operaakademiet i København og blei ferdig der i 2015. Samme år debuterte ho på den Kongelige Danske Opera, som Papagena i Tryllefløyten. Sidan har ho sunge kvar sommar i Aix-en-Provence, der ho i år debuterte med London Symfoniorkester med ny musikk av Kaija Saariaho. Ho debuterte også tidlegare i år som Vitellia i Mozart’s La Clemenza di Tito med Bergen Nasjonale Opera, der ho også er utnemnd som Artist in Residence. Beate er vorten ein ettertrakta konsertsongar, der ho ofte kombinerer stilartane jazz, musikal og opera. Hausten 2022 får ho debutere i ei av sine drøymeroller ved Den Kongelige Danske Opera:Maria i West Side Story. I haust fekk vi oppleve hennar song- og skodespelartalent som den leikne Judy i musikalen Jorden rundt på 80 dager av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk.

Alexander Standal Pavelich er oppvaksen på Nordfjordeid med korps, operaorkester og band som musikalsk inspirasjon i ungdomsåra. Han har si utdanning frå LIPA i Liverpool, og etter fleire år som frontmann i P3-favorittane Eye Emma Jedi og Loves¬peake har han skifta beite og har no blitt ein ettertrakta pop-låtskrivarar og vokalist. Han har skri¬ve for artistar som Nick Jonas, Alan Walker, Jarle Bernhoft, Julie Bergan og Lemaitre. Sidan Alexander sist gjesta julekonserten på Eid har han vore med å skrive over 60 utgitte låtar. Samtlege av desse har han også sunge på som featuring vokalist, mellom anna saman med verdsstjerna David Guetta. Akkurat no er han som låtskrivar aller mest aktuell med radiohiten “Dopamine” for den tyske DJ’en Purple Disco Machine, som i skrivande stund ligg i si 3. veke som den mest spelte låta på radio i Tyskland og totalt den 8. mest spelte i heile Europa. Han har også nyleg skrive ein song på det nye albumet til den koreanske supergruppa Twice, som debuterte på 3. plass på Billboard listene i USA.

Opera Nordfjord ønskjer heile familien velkomen til ei heilt spesiell konsertoppleving med flotte solistar, fullt symfoniorkester og samansett kor frå heile distriktet – med ei eventyrleg blanding av dei aller vakraste julefavorittane!

Medverkande

Michael Pavelich

Michael PavelichDirigent/Kunstnarisk ansvarleg

Beate Mordal

Beate MordalSolist

Alexander Pavelich

Alexander PavelichSolist