Heim
Den Store Julekonserten

Billettar

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Den Store Julekonserten

Frå Walt Disney til Jacob Sande

Endeleg - i desember kan Opera Nordfjord for aller første gong innby til sin eigen julekonsert! Den store julekonserten er operaen si førjulsgåve til publikum, med dei vakraste av våre kjende og kjære julesongar, både norske og internasjonale favorittar.

På scena i Operahuset Nordfjord møtast eit stort, profesjonelt symfoniorkester, eit samansett kor frå heile regionen og solistane Lise Granden Berg og Alexander Standal Pavelich. Lise er kjend for operapublikummet i Nordfjord for si rolle som Pamina i Tryllefløyten i 2011. Ho kjem opprinneleg frå Dovre, men er busett i Oslo, der ho arbeider som frilans songar og songpedagog. Alexander har vakse opp i Opera Nordfjord som slagverkar, korist og i mindre roller i ungdomsåra til han no kjem tilbake som artist, kjend frå banda EYE EMMA JEDI og Lovespeake, og seinast som ein av deltakarane i Stjernekamp i 2018.

Michael Pavelich er som vanleg kormeister og musikalsk leiar og gler seg til å presentere sin favoritt-julemusikk!

Medverkande

Michael Pavelich

Michael PavelichMusikalsk leiar/Kormeister

Alexander Pavelich

Alexander PavelichSolist

Lise Granden Berg

Lise Granden BergSolist