Heim
Du er god, du, Charlie Brown

Billettar

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Du er god, du, Charlie Brown

av Clark Gesner

Den kjende og kjære teikneserien Knøttene inntek Operahuset Nordfjord. Vi skal endeleg få møte dei små og artige livsfilosofane i "ein vanleg dag" i Charlie Brown sitt liv.

Har du vakse opp med å lese og glede deg over teikneseriane om Knøttene? Saknar du dei fantastiske samtalane dei har om dei mange spørsmåla i livet? No er det på tide med eit gledeleg gjensyn med dei små, store, veslevaksne venene. Opera Nordfjord er snart premiereklar med den musikalske komedien You’re a Good Man, Charlie Brown av Clark Gesner, basert på nettopp teikneserien Knøttene av Charlesl M. Schulz. Opera Nordfjord sin nynorske  versjon har fått tittelen «Du er god, du, Charlie Brown» og er omsett av Jostein Avdem Fretland frå Lærdal. 

Vi møter dei små livsfilosofane Charlie Brown, Sally, Lucy, Linus, Schroeder og Snoopy,  tolka av 6 talentfulle born frå fire nordfjordkommunar: Truls Bakke Flåm (Charlie Brown) frå Hornindal, Isak Amandus E. Klokset (Schroeder) frå Gloppen, Vegard Søren Holen Eimhjellen (Linus) frå Gloppen, Karen Ueland (Lucy) frå Gloppen og Kaisa Brekke Flaten (Sally) frå Eid og Jeamray Honningsvåg (Stad) som sjølvaste Snoopy.

Charlie Brown og venene hans er no på veg frå det amerikanske nabolaget sitt til ei fjordbygd på vestlandet, og snart er dei kjende, amerikanske replikkane blitt til ord og uttrykk på klingande nordfjordsk. Den siste helga i november er alle endeleg framme i sitt nye nabolag i Operahuset Nordfjord, til premiere fredag 25. november og påfølgjande framsyningar 26. og 27. november.

Musikalen vart skriven i 1967 og hadde stor suksess på Broadway. I 1998 kom ein ny versjon, som er den Opera Nordfjord skal vise fram.  Undertittelen «Ein dag i Charlie Brown sitt liv» tyder akkurat det den seier: musikalen skildrar små hendingar, frå Valentine’s day, forelsking  og vill optimisme til yttarste fortviling og  kjærleikssorg, uttrykt gjennom veslevaksne refleksjonar i unge barnesinn. Her er mykje å gle seg til og å kjenne seg igjen i, både for liten og for stor, gjennom dialog, song og dans, akkompagnert av profesjonelt orkester. Michael Pavelich er regissør og musikalsk leiar, Candice Bredesen er koreograf, og Ovar Holmen har lysdesign. 

Familieframsyninga passar for ALLE aldrar og generasjonar, så ta med heile familien og opplev livsvisdom på høgt plan, ein svært urettvis dårleg karakter på kleshengjarskulpturen, draumen om å bli den største dronninga verda har sett…og mykje meir.

 

YOU’RE A GOOD MAN, CHARLIE BROWN
Based on The Comic Strip PEANUTS
by Charles M. SCHULZ
Book, Music and Lyrics
Clark GESNER
Additional Dialogue by Michael MAYER
Additional Music and Lyrics by Andrew LIPPA
Original Direction for this version of
YOU’RE A GOOD MAN, CHARLIE BROWN by Michael MAYER
Originally Produced in New York by
Arthur WHITELAW and Gene PERSSON
YOU’RE A GOOD MAN, CHARLIE BROWN
is presented by arrangement with
TAMS-WITMARK MUSIC LIBRARY, INC.
560 Lexington Avenue, New York, New York 10022, USA
Forlag: Nordiska ApS, København

Medverkande

Truls Bakke Flåm

Truls Bakke Flåmi rolla somCharlie Brown

Isak Klokset

Isak Klokseti rolla somSchroeder

Karen Ueland

Karen Uelandi rolla somLucy

Vegard Søren Holen Eimhjellen

Vegard Søren Holen Eimhjelleni rolla somLinus

Kaisa Flaten Brekke

Kaisa Flaten Brekkei rolla somSally Brown

Jeamray Honningsvåg

Jeamray Honningsvågi rolla somSnoopy

Michael Pavelich

Michael PavelichRegissør/Musikalsk leiar

Candice Bredesen

Candice BredesenKoreograf

Ovar Holmen

Ovar HolmenLysdesignar

Jostein Avdem Fretland

Jostein Avdem FretlandNynorsk omsetting