Heim
Born og familiar i sorg – ope samtalemøte

Billettar

Operahuset Nordfjord

Born og familiar i sorg – ope samtalemøte

Korleis komme seg vidare når sorga råkar?

I samband med at Opera Nordfjord i samarbeid med Malmö Opera set opp familieoperaen Snøsystera den første helga i desember, har operasjef Kari Standal Pavelich invitert Nordfjord Familiekontor til eit fagleg samarbeid kring det å miste nokon i nær familie.

Onsdag 29. november innbyr Familiekontoret i Nordfjord og Opera Nordfjord i samarbeid med Operahuset Nordfjord til eit ope samtalemøte i Kinosalen.

Gjestar er dagleg leiar av familiekontoret, Per Ståle Husevåg, som skal snakke om «Prosessar knytt til tap av nokon som står oss nær» og librettist og komponist Magnus Johansson, som skal snakke om kva som inspirerte han til å lage opera av barneboka Snøsøsteren av Maja Lunde og Lisa Aisato, og korleis arbeidsprosessen var.

I boka Snøsøsteren møter vi Julian, som sørger over tapet av si kjære storesyster Juni. Foreldra kjem seg knapt gjennom kvardagen og har ikkje ork til å tenke på julepynt og julefeiring midt i sorga. Den nye, blide og morosamme venninna Hedvig gir Julian nytt håp og ei ny glede i kvardagen og hjelper han og lillesystera Augusta til å ta jula tilbake. I operaen Snøsystera med nynorsk omsetting ved Kari Standal Pavelich, får vi ein komprimert versjon av boka understreka av Magnusson sin uttrykksfulle og vakre musikk.

Magnus Johansson las den svenske versjonen av boka for nokre år sidan og vart gripen av kor rett fram og ærleg forfattaren omhandla eit så vanskeleg tema som å miste eit barn. Han vart inspirert til å lage ein operaversjon av boka, for heile familien. Magnus vil dele tankar om korleis operaen vart til, korleis komponisten også i sin opera gjekk «rett på sak» og ikkje tenkte så mykje på kva barn likar eller ikkje likar. Det aller viktigaste er uansett at den som ser operaen vert berørt og reflekterer over kva som er viktig i livet, kva som verkeleg betyr noko.

Per Ståle Husevåg er familieterapeut og leiar ved Familiekontoret i Nordfjord. Han har erfaring frå psykisk helsevern (spes. helseteneste og kommune) og barnevern, men i hovudsak frå Familievernet. Han seier at møte med vanlege menneske i krevjande livssituasjonar har gjeve erfaringar om korleis ein møter menneske i kriser på ein trygg og anerkjennande måte. Det er viktig å peike på at livet alltid går vidare, at tida aldri stansar, og at det difor vil vere mange motsetningar i det å møte menneske i sorg. Ein må både støtte, forstå og anerkjenne, samtidig som ein nokre gongar må utfordre, be dei om å sleppe tak, forlate og tillate seg sjølv og andre å gå vidare i livet.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Dei fleste av oss har opplevd sorg i nær familie, og det er ekstra vondt når ein mistar eit born. Vi kan alle vere ein god ven, kollega, syster eller bror, lærar eller pedagog, som kan vere med og lindre smerte og sorg – velkomen til alle!

Det vert musikalske innslag frå operaen, og etter avslutning i Kinosalen, er det open mingling i foajéen etterpå, med tid til prat over ein kaffikopp.